Vinje fyller 200 år6. april er det 200 år sidan Aasmund Olavsson Vinje vart fødd. Det blir fest og feiring i heile Noreg gjennom heile året.
6. april er det 200 år sidan Aasmund Olavsson Vinje vart fødd. Det blir fest og feiring i heile Noreg gjennom heile året.
Aasmund Olavsson Vinje vert feira i år.
Foto: NTB scanpix
Aasmund Olavsson Vinje er kjend for oss alle. Han var den fyrste etter Ivar Aasen som tok landsmålet aktivt i bruk, og den fyrste fulltidsprosaforfattaren på nynorsk, og ikkje minst var han nybrotsmann som journalist, særleg gjennom Dølen.
Torsdag denne veka vart programmet for Vinje-jubileet presentert på Det Norske Teatret. Vinje kommune, saman med Vinje-senteret, rulla fram ei allsidig liste over tilstellingar. På hovudmarkeringa, åremålshelga er 6.–8. april, går eit journalist- og diktarseminar om jubilanten av stabelen i Vinje, det blir festframsyning på laurdagen og gudsteneste dagen etter.
På staden der Vinje døydde, og der han ligg gravlagd, Gran i Hadeland, blir det òg mange tilstellingar: «A.O. Vinje – til inspirasjon for alle!» 14. mars, «Aasmund Olavsson Vinje på nært hold» 8. april og «Minnestund 200 år etter A.O. Vinjes fødsel» 17. mai.
Konserten «Ferda-Vinje» blir sett opp på kulturhus i nord og sør, aust og vest i landet. Det blir pilegrimsvandring for Vinje i juni. Sjølvsagt kjem Dei nynorske festspela til å ha ekstra fokus på jubilanten same månad i Ørsta.
Vinje skapte namnet «Jotunheimen». Difor blir det dobbeltfest for fjellvandraren og Den norske Turistforening 30. juli på Fondsbu Turisthytte. Helga før, 19.–22. juli, er det Vinje-rock, ein rockefestival arrangert av Eidsbugarden i Jotunheimen, 1060 meter over havet. Gjett kven som står i sentrum i år?
10.–12. august, går Telemarkfestivalen av stabelen i Bø, med eit eige Vinjeprogram. Same månad er Litteraturdagane i Vinje, sjølvsagt med telemarksskalden i sentrum. Det kjem òg til å bli Vinje-innslag på Ulvik poesifestival fyrste helga av september.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.