Diktet

«Villanger arbeider ofte med utgangspunkt i eldre tekster, og i dette diktet spøker to sentrale mytologiske kvinner, Lilit og Inanna.»

  

Publisert Sist oppdatert

Aina Villanger debuterte i 2012 med langdiktet Langsang. et flytans habitat, skrive på grenlandsmål. Sidan har ho gitt ut tre diktsamlingar og ei lyrisk forteljing og arbeidd som gjendiktar. Mens debuten er ei slags skapingssoge, er diktet nedanfor, henta frå den nyaste diktsamlinga Begynnelsen er nær (2024), ein fantasi om undergangen.

Villanger arbeider ofte med utgangspunkt i eldre tekster, og i dette diktet spøker to sentrale mytologiske kvinner, Lilit og Inanna. Lilit er kjend som Adams første kone, men opptrer også i babylonsk mytologi. I eit Gilgamesj-dikt buset Lilit seg i eit hulupputre, planta av den store gudinna Inanna. Repetisjonane hos Villanger speglar repetisjonane i denne eldgamle forteljinga – men i «Inanna og hulupputreet» handlar det om dei første, ikkje dei siste, dagane og nettene på jorda.

Diktet legg seg også tett opptil faktateksta, og kanskje er det denne nøkterne tonen, i kombinasjon med oppattakinga av at vi er i den siste tida, som gjer teksta så sterk. Diktets tittel plasserer oss på Svalbard i 2124. Frøkvelven er plyndra, og eitt av frøa, eit peonbuskfrø, har røtt seg. Når Villanger listar opp informasjon om peonen, kombinerer ho fakta (som namn, type, farge) med eiga dikting (som kjælenamnet, kva blomsteren toler og trivst med).

Allereie abonnent?
Prøv Dag og Tid digitalt
49 kr fyrste månad
Deretter 199 kr/månad. Ingen binding.
Lydavis
Nettartiklar
Digital utgåve
Arkiv
Spel