Vil kutte i støtta til folkehøgskulaneAldri før har så mange starta på folkehøgskule som i haust. Regjeringa vil likevel kutte i støtta til både skulane og elevane.
Aldri før har så mange starta på folkehøgskule som i haust. Regjeringa vil likevel kutte i støtta til både skulane og elevane.
I haust starta over 7700 elevar på dei 80 folkehøgskulane landet rundt. Her frå Elverum folkehøgskule.
Foto: Informasjonskontoret for folkehøyskolen.
I forslaget til Statsbudsjett for 2018 føreslår regjeringa å kutte løyvingane til folkehøgskulane med 25 millionar kroner, som svarar til 3 prosent av den samla støtta. Regjeringa tek heller ikkje høgde for elevveksten folkehøgskulane har hatt dei siste åra. Som følgje av det manglar det nye 9 millionar i budsjettet, ifølgje Folkehøgskolerådet.
I tillegg vert det føreslege å kutte studiestøtta til elevane med 11 millionar kroner.
– Kutta kjem til å få store konsekvensar for enkeltskular og elevar, og rammar usolidarisk i ei tid der folkehøgskulane har rekordmange elevar, seier dagleg leiar Odd Arild Netland i Folkehøgskulerådet i ei pressemelding.
I haust starta over 7700 elevar på dei 80 folkehøgskulane landet rundt. Det er det høgaste talet elevar nokon gong, og utgjer nesten 12 prosent av eit årskull elevar, ifølgje informasjonsrådgjevar Marit Asheim ved Informasjonskontoret for folkehøgskolen.
– Det er eit paradoks at regjeringa kuttar når det går så bra for skulane, og når elevar og ungdom i større og større grad seier dei har behov for eit folkehøgskuleår, seier ho.
Det er tredje gongen regjeringa Solberg føreslår å kutte i støtta til folkehøgskulane. I 2014 og 2015 vart forslaga stoppa av støttepartia til regjeringa. Før stortingsvalet i år har både KrF, Venstre, SV og Sp lova at dei vil jobbe for meir midlar til folkehøgskulane, ifølgje Folkehøgskolerådet
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.