Vil ha dansk film ut av KøbenhavnDanske filmskaparar er for og har for lite å gjere med livet utanfor hovudstaden, meiner Dansk Folkeparti.

Danske filmskaparar er for københavnorienterte og har for lite å gjere med livet utanfor hovudstaden, meiner Dansk Folkeparti.

Publisert

Danske politikarar skal i haust forhandle fram ein ny fireårig avtale for finansiering av dansk filmbransje. No har Dansk Folkeparti varsla at det går til forhandlingane med krav om å flytte Den Danske Filmskole og statlege Dansk Filminstitutt ut av København. Det skriv avisa Fyens Stiftstidende.

Partiet føreslår å flytte institusjonane til byane Odense og Svendborg på Fyn og grunngjev det med ønske om betre geografisk balanse og fleire filmar som appellerer til eit breitt publikum. Danske filmskaparar er i dag for københavnorienterte, ifølgje Alex Ahrendtsen, som er kulturpolitikar i Dansk Folkeparti.

Ei undersøking frå Dansk Filminstitutt har synt at opp til 87 prosent av dei som jobbar med film i Danmark, bur i hovudstadsområdet, og at 63 prosent av foreldra deira òg bur i hovudstaden eller på Sjælland.

Leiaren for filminstituttet og rektoren ved filmskulen har begge åtvara mot ei flytting.

– Den avgjerande negative konsekvensen er at det vert svært vanskeleg for oss å tiltrekkje oss dei rette undervisarane. Ein stor del av dei vi har i dag, er deltidstilsette, fordi dei òg jobbar i andre delar av filmbransjen med å lage film, seier rektor Vinca Wiedemann ved filmskulen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement