Vigdis Ystad og Wergeland

Faksimile frå Klassekampen torsdag 17. februar 2011.
Faksimile frå Klassekampen torsdag 17. februar 2011.
Publisert

Vigdis Ystad levde eit liv ofte langt utanfor det akademiske. Ho samla venene sine til litterær salong i heimen kvart år i november, meny: «suppe og jazz». Den siste salongen skulle vore halden fredag 16. november 2018, men eit par dagar før måtte ho «dessverre avlyse (...) innlagt på Ullevål sykehus med hjernesvulst. (...) Håper å få det til i november neste år».

Etter fleire månader med cellegift kom ho seg og var optimistisk. Sporadisk heldt ho fram med å skriva i Dag og Tid-spalta «Diktet», der ho var fast frå 2015. Den siste teksten dreidde seg om kona til Wergeland, Amalie Sofie Bekkevold, fødd 9. juli 1819, skriven som ei markering av 200-årsdagen hennar. Diktet «Med en Bouqvet» er den fjortande og siste av dei forelska «Poesier» Wergeland forfatta sommaren 1838, då han møtte sitt framtidige kona viv.

Og vi veit at Vigdis Ystad lyfte romanforfattaren Kristofer Uppdal opp som ein av dei store modernistiske poetane våre, med doktorgraden 1974, som kom som bok fire år seinare: Kristofer Uppdals lyrikk. Ho og eg møttest på ei markering i Trøndelag for minst 20 år sidan, og ho rettleidde meg i leitinga etter dei uprenta dikta til Uppdal. Ein vakker dag dukka Vigdis opp med pipa til Kristofer Uppdal. Ho hadde fått henne av etterkomarane hans, og no ville ho gje pipa vidare til meg.

Ibsen vart det store livsprosjektet hennar. I åra 1998–2009 var ho var redaktør og styrar for den historisk-kritiske utgåva av Henrik Ibsens skrifter, 16 dobbeltband pluss eit registerband (2005–2010), seinare lansert i ein utvida elektronisk versjon. Meir kortfatta har Ystad skrive eit klokt essay med tittelen «Ibsens selvmordere» i tidsskriftet Suicidologi 2/2016.

I 2006 vart 100-årsdagen for gravferda til Henrik Ibsen markert på Vår Frelsers gravlund. Vigdis Ystad avslutta talen i yrregnet med å peika på ein meir bastant Ibsen: «Gå nå hjem og les ‘Terje Vigen’, det er et flott dikt!» Underteikna gjorde så – det skapte ideen om å gjera country av Ibsen, saman med gitaristen Knut Reiersrud, 43 strofer, på ragtime-melodien «Alice’s Restaurant». Vi gav oss ikkje før vi fekk framført «Terje Vigen» på Ibsenmuseet i Oslo, med professor Vigdis Ystad som innleiar.

På den motsette sida av det suicidale har ho òg medverka i ei tekstkritisk bok om Bjørnstjerne Bjørnson og nasjonalsongen hans: Historien om «Ja, vi elsker» (2002).

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement