Vigdis Ystad og Wergeland
Faksimile frå Klassekampen torsdag 17. februar 2011.
Vigdis Ystad levde eit liv ofte langt utanfor det akademiske. Ho samla venene sine til litterær salong i heimen kvart år i november, meny: «suppe og jazz». Den siste salongen skulle vore halden fredag 16. november 2018, men eit par dagar før måtte ho «dessverre avlyse (...) innlagt på Ullevål sykehus med hjernesvulst. (...) Håper å få det til i november neste år».
Etter fleire månader med cellegift kom ho seg og var optimistisk. Sporadisk heldt ho fram med å skriva i Dag og Tid-spalta «Diktet», der ho var fast frå 2015. Den siste teksten dreidde seg om kona til Wergeland, Amalie Sofie Bekkevold, fødd 9. juli 1819, skriven som ei markering av 200-årsdagen hennar. Diktet «Med en Bouqvet» er den fjortande og siste av dei forelska «Poesier» Wergeland forfatta sommaren 1838, då han møtte sitt framtidige kona viv.
Og vi veit at Vigdis Ystad lyfte romanforfattaren Kristofer Uppdal opp som ein av dei store modernistiske poetane våre, med doktorgraden 1974, som kom som bok fire år seinare: Kristofer Uppdals lyrikk. Ho og eg møttest på ei markering i Trøndelag for minst 20 år sidan, og ho rettleidde meg i leitinga etter dei uprenta dikta til Uppdal. Ein vakker dag dukka Vigdis opp med pipa til Kristofer Uppdal. Ho hadde fått henne av etterkomarane hans, og no ville ho gje pipa vidare til meg.
Ibsen vart det store livsprosjektet hennar. I åra 1998–2009 var ho var redaktør og styrar for den historisk-kritiske utgåva av Henrik Ibsens skrifter, 16 dobbeltband pluss eit registerband (2005–2010), seinare lansert i ein utvida elektronisk versjon. Meir kortfatta har Ystad skrive eit klokt essay med tittelen «Ibsens selvmordere» i tidsskriftet Suicidologi 2/2016.
I 2006 vart 100-årsdagen for gravferda til Henrik Ibsen markert på Vår Frelsers gravlund. Vigdis Ystad avslutta talen i yrregnet med å peika på ein meir bastant Ibsen: «Gå nå hjem og les ‘Terje Vigen’, det er et flott dikt!» Underteikna gjorde så – det skapte ideen om å gjera country av Ibsen, saman med gitaristen Knut Reiersrud, 43 strofer, på ragtime-melodien «Alice’s Restaurant». Vi gav oss ikkje før vi fekk framført «Terje Vigen» på Ibsenmuseet i Oslo, med professor Vigdis Ystad som innleiar.
På den motsette sida av det suicidale har ho òg medverka i ei tekstkritisk bok om Bjørnstjerne Bjørnson og nasjonalsongen hans: Historien om «Ja, vi elsker» (2002).
Frå eigne minne vil eg nemne diktboka kykelipi, som vart motteken krigersk av ein skokk bokmeldarar som lét vel om dikta frå året før, Vigdis Ystad var den eine som såg samanhangen (Dag og Tid, 17. desember 1969): «Ei ny bok, like rik på humør og overskot som Mor Godhjarta, og likevel i særklasse seg sjølv.»
Men vi må attende til Wergeland, herr og fru.
Eg sende e-post til Vigdis Ystad 4. juli 2019: «Fint at du skriver om Amalie Sofie, for 200-årdagen hennes – den er det ikke mange som tenker på. ’Poesier’ – ja de vakreste forelskelsesdikt vi har på norsk. Skrevet av han som syv år senere skrev de vakreste dødsdikt vi har. Norge trenger et Wergeland-sentrum!»
Ein må vita at Vigdis Ystad var ankerkvinne i oppropet signert av 28 forfattarar, forlagsfolk og forskarar som Klassekampen trykte 17. februar 2011 med tittelen: «En æresbolig for alle?» Teksten opnar slik – og er stila til kulturminister Anniken Huitfeldt:
«Henrik Wergelands bolig Grotten har i en årrekke vært benyttet som statens æresbolig for kunstnere. Etter at bygningen blir ledig sommeren 2011 foreslår vi Grotten benyttet som et sted for formidling av Wergelands rike forfatterskap og de demokratiske og humanitære idéer det står for. Dette trenger ikke å utelukke at Grotten også kan brukes til å hedre skapende mennesker i Wergelands ånd, men for avgrensede perioder. (…) Wergeland tegnet selv huset og bodde der til kort før sin død i 1845. Her skrev han flere av sine hovedverk. (…) Få personer har spilt en tilsvarende rolle som Wergeland for etableringen av en norsk nasjonal bevissthet, både kulturelt og politisk.»
Frå kulturministeren kom det aldri noko svar.
Vigdis Ystad svara meg 8. juli 2019: «Jeg setter stor pris på din idé om et W-senter, det burde vi hatt for lenge siden, men jeg er ikke den som nettopp nå er i stand til å løfte frem saken. (…) Men jeg kan jo fortelle at da det i sin tid fremgikk at Kafé ‘Grei’ i Skippergata skulle opphøre (driften måtte stenges) fordi ny eier (= Storebrand?) ville endre bruken av bygget, funderte jeg sammen med Dagne Groven Myhren på å gjøre mer for å få eierne og offentligheten til å forstå hvilken perle dette kunne bli. (...) Jeg håper vi kan finne en mulighet til snart å sees (…), og vi kan snakke mer konkret om et W-senter.»
Denne samtalen vart det dessverre aldri noko av.
Og kven pratar om eit Wergeland-senter i dag, slik stoda er vorten? Finst det noka løysing på denne floken?
For Wergeland var Wergeland. Han er så stor at vi enno ikkje har skjøna det.
Jan Erik Vold
Jan Erik Vold er forfattar og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Johannes Engelsen Espedals «Brottsjø» (2023) er laga av eit gamalt stakittgjerde frå kyrkjegarden ved Hoff kyrkje på Toten.
Foto: Eva Furseth
Retrobølgje på Haustutstillinga
Haustutstillinga 2024 er ei spenstig og særs variert utstilling. Her er det ingen kunstnarar som trampar i takt.
Partileiinga etter landsmøtet i Sosialistisk Venstreparti 22. februar 1976: Frå venstre nestleiar Steinar Stjernø, ny formann Berge Furre, nestleiar Berit Ås, parlamentarisk leiar Reidar T. Larsen og partisekretær Rune Fredh. Plakat: Mot kapitalmakt.
Foto: Henrik Laurvik / NTB
Personleg rapport om SV
Boka Steinar Stjernø har skrive om SV, reiser indirekte mange spørsmål utan svar.
Ukrainsk personell bruker søkjelys når dei ser etter russiske dronar.
Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB
Pengar er makt
Krigen utløyser stadig nye kontroversar, som når kopeken får nytt namn, medan dei russiske droneåtaka forsterkar konflikten mellom Belarus og Russland.
Donald Trump og Kamala Harris handhelsa før presidentdebatten i vippestaten Pennsylvania på onsdag.
Foto: Brian Snyder / Reuters / NTB
– Det viktigaste valet i manns minne
For USA handlar det komande presidentvalet om det amerikanske demokratiet, meiner skribent og forfattar Jan Arild Snoen.
Tidlegare president Donald Trump og visepresident Kamala Harris i presidentdebatten onsdag denne veka.
Foto: Brian Snyder / Reuters / NTB