Vigdis Ystad (1942–2019)

Vigdis Ystad.
Vigdis Ystad.
Publisert

Laurdag 7. desember døydde professor Vigdis Ystad. For om lag eitt år sidan vart ho råka av glioblastom. Dette er ei fæl form for hjernesvulst. Svulsten spreier seg snøgt over heile hjernen. Sjølv om Vigdis vart operert og blei behandla på best mogleg vis, levde ho, liksom andre som vert råka av sjukdomen, ikkje stort meir enn eitt år etter at ho vart sjuk. I tida etter at sjukdommen blei oppdaga, synte ho likevel stor livsglede. Det var fram til ho gjekk bort, ei stor glede å vere saman med henne, å dele vin og meiningar om litteratur, samfunn og kritikk av det som vi ikkje likte. Dette var også tilfellet på slutten då ho hadde vanskeleg for å snakke. Den skarpe tunga og det klåre intellektet hadde ho med seg heilt til slutten. Det låg og kvilte bak vanskane ho hadde med å snakke.

Lesarar av Dag og Tid kjenner Vigdis Ystad først og fremst som ein av skribentane i den framifrå spalta «Diktet». I mange år var ho ein av dei tre kjennarane som valde ut og kommenterte dikt frå den store norske lyriske kanon. Her nytta ho den store kjennskapen sin til norsk poesihistorie og evna til å lese og formidle dei løynde mønstra og meiningane i diktinga. Vigdis hadde stor sans for lyrikk, og ho skreiv doktoravhandlinga si i 1974 om Kristofer Uppdals lyrikk.

Vigdis Ystad blei nesten 77 år gammal. Ho vart fødd 13. januar 1942 i Verdal. Ho var knytt til Universitetet i Oslo frå ho blei universitetslektor i nordisk litteratur i 1974, og deretter dosent og professor fram til ho blei emerita. Ho underviste i og skreiv om store delar av norsk litteraturhistorie, men framfor alt var Vigdis Ibsen-forskar og -kjennar. Ho skreiv mykje om Ibsen, mellom anna om dikta hans. Storverket hennar var likevel meir enn noko anna den viktige innsatsen ho gjorde som leiar for prosjektet Henrik Ibsens skrifter.

Det er den vitskaplege utgåva av alt Ibsen skreiv. Her finst dei ferdige dramaa i alle versjonar, utkasta til dei, brev, notat og alt anna som var å oppdrive etter han. Verket er samansett av 33 bøker, 16 bind med tekst, 16 bind med kommentarar og eitt bind med register og forklaring på dei filologiske prinsippa som vart nytta i arbeidet. Prosjektet samla medarbeidarar med ulik bakgrunn, og ikkje minst var det med på å leggje grunnlaget for ein moderne tekstkritisk filologisk tradisjon i Noreg. Det første bindet kom i 1905, og det siste i 2010. Verket finst både på papir i staselege bind og i ein elektronisk versjon (https://www.ibsen.uio.no/).

Det høyrer med til historia om korleis Vigdis leidde arbeidet med utgjevinga, at ho hadde ei suveren evne til å heve seg over tronge budsjettomsyn. Prosjektet blei då også mykje dyrare enn Forskingsrådet og andre som skulle finansiere det, fyrst såg for seg. Det er ingen løyndom at dette førte med seg mange konfliktar med dei som hadde til oppgåve å styre prosjektet. (Eg var sjølv med på det ein periode.) Det var ikkje alltid like enkelt, men i ettertid er det klårt at verket er eit stort døme, også internasjonalt, på korleis verka til store forfattarar skal takast vare på og gjerast tilgjengelege på vitskapeleg vis.

Vigdis og eg var ofte usamde om synet på litteratur og på Ibsen. Vi som arbeider med Ibsen, har ofte konfliktar oss imellom. Det har med korleis verket skal tolkast å gjere, men det har også med at tekstane i seg sjølv eggar til strid. Vigdis stod på sitt, og ho var skarp. Ho la ikkje fingrane imellom i diskusjonar. Likevel var det også ei glede å vere ueinig med henne. Å bli utsett for kritikken hennar var ein spore til å skjerpe argumenta. Det var aldri keisamt å gå i debatt med henne.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement