Vi kunne trenge fleire som WalidSå har han gått ut av tida – Walid, Walid al-Kubaisi. Det var ikkje uventa. Diagnosen var klar. Oppreist og verdig som han levde, gjekk han døden i møte. Siste dag i juli var det slutt.
Walid al-Kubaisi på kontoret sitt i Dag og Tid. Han vart 60 år gammal.
Foto: Håvard Rem
Så har han gått ut av tida – Walid, Walid al-Kubaisi. Det var ikkje uventa. Diagnosen var klar. Oppreist og verdig som han levde, gjekk han døden i møte. Siste dag i juli var det slutt.
Bodskapen skapte sorg og saknad for alle som stod han nær, og for dei som kjende han frå det offentlege rom som ei særeigen og kjærkomen røyst. Det er ikkje få, for Walid var godt synleg i det offentlege Noreg – som debattant og skribent med viktige innspel, og som forfattar og filmskapar. Så fekk han då også prestisjefylte prisar: Skjervheimprisen i 2003, Fritt Ords honnørpris i 2016, og eit velfortent statsstipend i 2007. I 15 år hadde han fast kontor i Dag og Tid (der han kjende seg som eit «heilt menneske»).
Walid kom til Noreg som politisk flyktning i 1986. Det å vere flyktning er knytt til tapet av det ein forlét. Men for Walid var tapet dobbelt: Samfunnet han voks opp i, der han hadde sine røter og sin familiebakgrunn, vart rasert av ein vitlaus invasjon, og familiemedlemene vart spreidde for alle vindar, slik Walid har skildra og illustrert det i bokverket Blekk og blod, ei familiekrønike frå Midtausten og Noreg. Det han forlét, er ikkje lenger.
Walid såg seg ikkje som eit stakkarsleg offer, dømt til passivitet og medynk, slik han opplevde at velmeinande nordmenn altfor ofte oppfattar dei som kjem til landet som flyktningar. «Den norske offerideologien», kalla han det. Nei, som einsleg flyktning, nær 30 år gammal – i ein alder då mange har problem med å lære eit nytt språk – gjekk han friskt i gang med å lære norsk. På sin måte. Han tok til med Bibelen, ei bok som finst både på arabisk og på norsk. Men det var ei eldre utgåve han fekk tak i. Som svar på spørsmål kunne han slå om seg med formuleringar som «sandelig, sandelig sier jeg eder» og «mig fattes intet». Han fekk råd om å lese aviser.
Så skjer det merkverdige, noko ganske eineståande: Som godt vaksen lærer han norsk så godt og så grundig at han ikkje berre meistrar språket i dagleglivet. Han blir norsk forfattar, forfattar på norsk – med eit tital bøker på norsk, frå 1996 til 2016, i tillegg til fleire omsetjingar av norsk poesi til arabisk og mange innspel i aviser og andre medium. Ein norsk forfattar som kom til landet som 28-åring! Kven gjer det etter han?
Walid las seg inn i norsk kultur. Ikkje berre i den heilage skrifta, men i den litterære tradisjonen, frå Wergeland og Ibsen og Bjørnson til dagens diktarar. Han ikkje berre las dei, han tok dei inn over seg. Særleg såg han på Henrik Wergeland som ein ekte åndsfrende.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.