Kultur
– Vel tyngste motstands veg
Sjur Holsens minnepris 2025 går til Ida Lødemel Tvedt.

Sjur Holsens minnepris vart delt ut under opninga av Nordiske mediedagar i Bergen onsdag kveld, og vinnaren er Dag og Tid-journalist og essayist Ida Lødemel Tvedt.
– Juryen oppfattar vinnaren som ein fordomsfri og genuint tvilande skribent, sa prisutdelar og juryleiar Gard Steiro på scena onsdag.
At Ida Lødemel Tvedt er tvilande, er eit kompliment, la han til. I det holsenske universet er det å vere tvisynt eit heidersteikn. Holsen ønskte å stimulere til refleksjon, og prisvinnaren gjer nettopp det.
Detaljar og lange liner
Sjur Holsen var journalist og forfattar og politisk redaktør. Han døydde i 2013, berre 44 år gammal. Formålet med Holsen-prisen er å fremme tydelege, uredde og særeigne stemmer i samfunnsdebatten.
Ved sida av å skrive i Dag og Tid underviser Ida Lødemel Tvedt i essayistikk og litterær skriving. Ho har blant anna vore tilknytt Columbia University og har skrive for fleire norske og internasjonale medium.
Akkurat som Holsen har ho blikk for både detaljar og dei lange linjene, Steiro.
– Lesaren blir invitert med på tankereiser, ofte med overraskande omvegar der djupt alvor og smart humor blir fletta saman med stilistisk briljans.
I tillegg bringar ho fagkunnskapen ho har om litteratur, filosofi og kulturteori, ut i allmenta på ein tilgjengeleg og ofte tankevekkande måte, sa Steiro.
– I ei stadig meir kommersielt driven medieverd treng vi dei som senkar tempoet og vel tyngste motstands veg.
Større publikum
Ved sida av Steiro sat sjefredaktør i Aftenposten Trine Eilertsen og retorikkprofessor Jens E. Kjeldsen i juryen.
– Juryen meiner at prisvinnaren fortener eit endå større publikum, sa Steiro.
Samtidig er det ikkje sikkert prisvinnaren ønsker det, la han til, og siterte henne på at ho heller vil skrive om ting ho ikkje forstår, for få lesarar, enn skrive om ting ho meistrar, for mange.
I takketalen kom Ida Lødemel Tvedt sjølv med ei klar oppfordring:
– Dyrk formene for tenking og skriving som kunstig intelligens ikkje kan erstatte.