Vegarbeid
Eg visste at det var vegarbeid, så eg har berekna litt ekstra tid, men no dreg det veldig ut, og eg kjennar at livsgneisten får seg ein knekk.
Fartsgrensa er sett ned til 50 kilometer i timen, men folk bryr seg ikkje. Ein gut står i vegbanen og held opp eit skilt med raudt lys. «Ja då, eg skal stoppe», seier eg høgt til meg sjølv. Guten har på seg varmedress, og andletet er delvis skjult inni ein buff. Han kjem ruslande mot bilen, og eg opnar vindauget. Han seier eg berre må vente. Det visste eg jo, så eg svarar ikkje, berre nikkar. Det er så mykje vegarbeid for tida at eg veit mest ikkje om noko anna.
I mange veker har me høyrt lyden av boring, sprenging og gravemaskinskuffa som skrapar i fjell.
Eg visste at det var vegarbeid, så eg har berekna litt ekstra tid, men no dreg det veldig ut, og eg kjennar at livsgneisten får seg ein knekk. Eg veit ikkje kven det er som har sett seg mest lei på denne smale, gamle vegen. Det står skilt og peiker i alle retningar, så det er ikkje godt å vite kva som gjeld. Ifylgje eit av skilta er det fylkeskommunen som har ansvaret. Eg tenkjer noko eg ikkje tør seie høgt: Var ikkje den gamle vegen god nok? Nei, han var vel ikkje det etter dagens standard. Trafikkfarleg, kan hende. Eg er jammen ikkje sikker.
Same kor godt guten er kledd, kjem han på eit eller anna tidspunkt til å byrje å fryse. Ingen er skapt for å stå slik ein heil dag. Korleis får han tida til å gå, og kva planar har han for framtida?
Det skjer ingenting, og eg ser ingen som held på med noko, og ingen som skundar seg. Det verkar som om dei jobbar så seint som mogleg. Men det er ikkje anna å gjere enn å vente på grunn av dette evinnelege vegarbeidet som dei skal drive på med heile tida, og som aldri blir ferdig.
Guten snakkar i ein walkietalkie, no skjer det noko. Nei, han stappar hendene i lomma att, det var falsk alarm. Ei gong venta eg i førti minutt, viss det ikkje var meir. Til slutt ringde eg og sa at dei ikkje trong vente på meg.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.