Dramatikk
Vann med sideprosjekt
Marthe Reienes er ein av tre vinnarar av tekstkonkurransen til Norsk Dramatikkfestival i år. Stykket Traven er ifølgje juryen ei forfriskande radbrekking av den romantiserte morsrolla.

Marthe fortel at ideen om det litle, vrange vesenet kalla Traven oppstod då ho for eit par år sidan gjekk på Forfattarstudiet i Tromsø og fekk i oppgåve å levere 15 sider poesi. Sidan blei teksten liggande medan ho jobba vidare på hovudprosjektet, ein roman.
– Romanen krev i større grad eit logisk hovud der kvar ting som skjer, må få ein konsekvens. Jo lengre romanen blir, jo meir krevjande er det å halde alt saman. For å få utløp for det ukontrollerte, uforpliktande og frie tok eg opp att forteljinga om Traven. Det blei ein stad for rare formuleringar, og situasjonar.
Traven er eit uønskt vesen som på eit vis føder seg sjølv.
– Mora prøver å rømme ifrå han, men dei endar opp saman på ei reise til Orknøyane – i fotspora til Frankenstein. Her er mytologiske og folkloristiske referansar og ein stadig konflikt mellom tilknyting og lausriving. Dette er ikkje nødvendigvis ei historie om mor og barn. Det kan også vere indre dialogar, eller sider ved ein sjølv som ein ønskjer å fri seg ifrå. Eller det kan vere din eigen kropp som vender seg mot deg, som ved kreftsjukdom.
Livstruande sjukdom
Sjølv opplevde Marthe å få livet snudd på hovudet etter mange travle og interessante år som journalist og redaktør. Ein kreftdiagnose gjorde at ho brått hadde god tid til refleksjon og observasjon. Kreativ skriving blei ein måte å komme seg vidare på. Tidlegare skreiv ho saker og intervju på oppdrag, men parallelt med at ho kjempa for å bli frisk, gjekk ho gradvis over til å publisere meir personlege tekstar frå ein ny, og på mange måtar absurd, kvardag.
– Lesarar skreiv til meg og fortalde at dei kjende seg att i små, merkelege detaljar, misforståingar og sårbare erfaringar frå heilt ordinære situasjonar. Desse positive tilbakemeldingane gav meg gradvis større tru på at kreativ skriving var noko eg kunne satse på. Skrivinga har vore viktig for meg på eit personleg plan. Når eg skriv, fell noko på plass.
Ho seier at ho alltid vore glad i å skrive, men tenkte aldri at forfattaryrket var noko ho skulle satse på. Dermed blei journalistikk det nærmaste, trygge valet.
– Då eg blei frisk, hadde eg eit anna syn på livet. Eg var veldig medviten om at vi har avgrensa tid, og ingen garantiar. Dette førte igjen til erkjenninga av at det verste er å la vere å gjere ting ein har lyst til. Til tider er denne realismen hemmande, nesten lammande. Det er ikkje ei drivkraft eg utan vidare vil anbefale andre.


I 2019 selde ho leilegheita i Oslo og flytta til Stavanger. Dette gjorde det økonomisk mogleg å gå ned i stillingsprosent for å gje kreativ skriving ein sjanse.
– Ein kollega tipsa meg om Forfattarstudiet i Tromsø, og eg tenkte at det skader ikkje å prøve. Då eg kom eg inn, blei eg først redd, sjølv om eg ønskte dette. Hovudet mitt var fullt av «Kva om?», «Tenk om?». Ingen rundt meg var skeptiske. Den einaste som hadde innvendingar, var eg sjølv. Etter første samling i Tromsø forsvann all tvil. Eg kjende med heile meg at dette var rett. Det handla om samtalane rundt bordet, og om kombinasjonen av både å bidra og å lære.
Frå lyrikk til dramatikk
Det var ein skodespelar og tidlegare medstudent frå Forfattarstudiet i Tromsø som nemnde at diktet om Traven kunne eigne seg til framføring på ei scene.
– Eg hadde aldri tenkt på det, men då eg jobba vidare med teksten, hadde eg dette i tankane. Då eg såg at Norsk Dramatikkfestival ville ha inn tekstar til blindjuryering, sende eg først inn eit anna skodespel med typiske dialogar, før eg nærmast slengde med Traven på impuls. Det gjekk nokre månader før eg fekk telefonen om at eg, saman med Hans Petter Laberg og Ida Fugli, hadde vunne. Premien er at me får tekstane våre framførte på Dramatikkens hus i Oslo.
Traven blir ei oppsetting med regissør Huy Le Vo, der skodespelaren Tone Oline Knivsflå framfører ein monolog, Amund Ulvestad står for musikk og lydeffektar, og Norunn Standal styrer dei visuelle effektane. Dette skjer under Heddadagene og blir dermed del av eit stort bransjetreff. Marthe håpar at publikum som ser Traven, får ei oppleving som røskar opp litt. Til dømes utfordrar teksten forventningane til korleis ei mor skal vere. Ho er ikkje snill med Traven, og han er heller ikkje eit snilt barn. For Marthe sin del kan ein spore parallellar til opplevingane frå kreftsjukdommen, og ultralydundersøkingar der noko «feil» og farleg vaks, men denne historia har mange lag og er open for publikums eigne tolkingar.
– Traven handlar om at du har skapt noko utan å vite det, utan å vilje det. Skodespelaren som jobbar med framføringa, kalla teksten ei «forhandling med døden». Eg håper også at folk vil sjå humoren i ein del overraskande situasjonar. Sjølv om handlinga er konkret, er innhaldet absurd.
Ein Jon Fosse-effekt?
Å skrive er på mange måtar ein einsam ting, medan ei dramatisk framføring inkluderer mange. Marthe fortel at det er ei stor oppleving å sjå eigen tekst filtrert gjennom andre sitt fag som skodespel, regi, lyd og lys. Mange av teatera i Noreg har dei siste åra hatt gode besøkstal, og mykje tyder på at folk ønskjer alternativ til alle dei digitale tilboda. Kanskje ser me ein Jon Fosse-effekt?
– For tida ser me at det er politisk vilje til å satse på dramatikk. Det at Norsk Dramatikkfestival vel å ha blindjuryering, er også ein viktig faktor for å rekruttere nye stemmer. Me treng supplement til dei gamle klassikarane. Eg trur at det er noko med det å vere i same rom. Å sjå magien utspele seg framfor seg i sanntid.
Marthe skildrar seg sjølv som tryggleikssøkjande på den eine sida og risikovillig på den andre. For tida kombinerer ho skrivinga med jobben som merkevare- og kommunikasjonsrådgjevar i næringsavdelinga til Stavanger kommune.
– På sikt har eg lyst til å leve av å vere forfattar, men det er utruleg få som får det til. Eg må ta det i mitt eige tempo. Vissa om å vere på veg har stor verdi i seg sjølv. Det handlar ikkje om å vere modig, men om å tore. Eg kan tvile på om det kjem til å gå bra, men eg tvilar ikkje på at det er rett å prøve. Skrivinga er noko som pressar seg fram. Som om ufiltrerte inntrykk må ut som eit narrativ, utan at det nødvendigvis finst ein openberr samanheng mellom det du tek inn, og det du seinare skriv om. Kanskje handlar det om å lage eit system i kaos? Kanskje er det òg for å seie: «Hei, her er eg. Eg finst. Slik ser eg verda.»