Samfunn

Ingen fred å få

Kan vi stole på den norske Nobelkomiteen?

Den norske Nobelkomiteen på møterommet i Nobelinstituttet. Frå venstre: Anne Enger, direktør for Nobelinstituttet og komitesekretær Kristian Berg Harpviken, Gry Larsen, Kristin Clemet, nestleiar Asle Toje og komiteleiar Jørgen Watne Frydnes.
Publisert Sist oppdatert

På den lange lista over institusjonar som er skaka av Epstein-avsløringane, finn vi òg den norske Nobelkomiteen. Som dei fleste truleg har fått med seg, var det omfattande kontakt mellom den amerikanske finansmannen Jeffrey Epstein og Thorbjørn Jagland medan den sistnemnde leidde komiteen frå 2015 til 2019. Om denne kontakten innebar noko ulovleg, blir det opp til Økokrim å finne ut.

Men saka har òg reist prinsipielle spørsmål om faren for påverknad av komiteen som deler ut verdas mest prestisjefylte pris. Kritikken kjem frå mange kantar. Alle stortingspartia, frå Raudt til Frp, krev no offentleggjering av alle gåver som komitemedlemene har fått gjennom åra, og somme vil endre sjølve utnemningsprosessen. Nobelkomiteen er «en slags elefantenes kirkegård for avdankede politikere», sa til dømes MDG-leiar Arild Hermstad til TV 2 17. februar. Dette er ein gammal kritikk, men han har fått ny energi.

Hemmelege gåver

Debatten dei siste vekene kan tyde på at rammene kring virket til Nobelkomiteen ikkje har gjeve eit sikkert vern mot påverknad. Nokre av veikskapane heng saman med særtrekka ved komiteen, ikkje minst det utstrekte hemmeleghaldet. Dette er ikkje utan grunngjeving. For å sikre frie diskusjonar om pristildelingane skal informasjon om arbeidet til komiteen haldast hemmeleg i 50 år. Til no har dette inkludert listene over gåver som medlemene har fått, inkludert påspanderte reiser. Nobelkomiteen er heller ikkje underlagd offentleglova.

Ein av dei mange som har kravd offentlege gåvelister, er Trine Skei Grande, tidlegare Venstre-leiar og varamedlem i Nobelkomiteen.

– Vi må ha full openheit om gåver til komitemedlemene, slik reglane er på Stortinget, seier Grande.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement