Vågalt svensk venskapHemningslaus filmskapar frontar funksjonshemmingar med hell.DRAMA/KOMEDIERegi: Johannes Nyholm
Den hemningslause filmskaparen Johannes Nyholm frontar funksjonshemmingar med hell.
Ferske Christian Andrén er sterk i hovudrolla som autistiske, kortvaksne Rikard.
Foto: AS Fidalgo
Autistiske, kortvaksne Rikard (Andrén) går ustøtt og ser uklårt på det eine auget, som stikk ut av eit andlet som liknar ansiktet til elefantmannen til David Lynch. Han lengtar etter den psykotiske mor si og brenn for boule. Målet er Nordisk meisterskap i petanque i København, i lag med den meir vanleg venen Roland (Kylén).
Kjempekreativ
Guldbaggegrossisten Johannes Nyholm er grenselaust kreativ. Kortfilmane hans byr på all slags animasjonsteknikkar, frå Dockpojkens stop motion i leire via skuggeteater i Drömmar från skogen til marionettane rundt Nyholms eitt år gamle dotter som full turist i YouTube-hiten Las Palmas. Alle er unike. Få har større namn med berre kortfilmar og friskt animerte musikkvideoar, mellom anna ein feberfantasitur for The Tallest Man on Earth som Kjempen kjem frå.
Ambisjonane er store når Nyholm debuterer med langfilm. Ein kjempe traskar gjennom Sverige medan Rikard slit med kvardagen. Animasjons-auteurens agenda er alvorleg, men moroa er alltid med. Den svenske tabloidavisa Expressen kalla Kjempen ein Forrest Gump i hendene på Roy Andersson. Stilen liknar meir Ruben Östlund anno Gitarmongo, og supande skandinaviske forsamlingar er like smaklause her som i Östlunds De ufrivillige. På utsida er det kaldt.
Dristig
Nyholm er skamlaus og blandar slapstick og melodrama i ei forteljing om funksjonshemmingar. Han har mot til å ta i trøbbel og tull. Ei stund sklir Kjempen ut i sportsfilm som minner meg om Boing-klubben. Danske rivalar er sleipe, og på nabobana spelar lettkledde atletar strandvolleyball. Björn Olsson skapar westernvibbar med musikk frå Las Palmas. Det er drygt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.