JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Utopi og tragedie

Dei var gåverike, hadde brennande hjarte og ville skape eit friare og likare samfunn. Men tuberkulosen råka den revolusjonære Grepp-familien svært hardt.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Rachel og Kyrre Grepp som unge studentar.

Foto frå boka Røde hjerter.

6585
20180817
6585
20180817

Litteratur

janh@landro.bergen.no

Mor Rachel fekk følgje ektemann og fire born til grava. «Det gikk en forferdelig dødens linje gjennom familien Grepp», noterer Tormod Valaker, som har skrive familiekrønika Røde hjerter. Grepp – makt, kjærlighet og død.

Olav Kyrre Olsen (1879–1922), betre kjend som Kyrre Grepp, kom frå eit småborgarleg miljø, faren var telegrafkasserar. Rachel Catharina (Helland) Grepp (1879–1961) var skipsreiardotter. Men tidleg såg dei fattigdom, urettvise og sosialt elende, og begge blei tidleg politisk radikale. Då dei møtte kvarandre i gymnassamfunnet Hugin på Bergen Katedralskole, der dei snart blei kjærastar, hadde dei alt revolusjonære overtydingar, fortel Valaker.

«Vi må styrte den gamle samfunnsorden i grus og reise et nyt, sterkt samfund – et broderskapets rike!» skreiv Kyrre til Rachel. Og ho var samd.

– Kyrre Grepp og dottera Gerd har alt fått sine biografiar. Kvifor då denne familiekrønika?

– Fordi det finst så mykje stoff som enno ikkje er komme fram. Eg har lese 10.000 handskrivne brev til og frå familiemedlemene og andre, det er dette boka mi primært byggjer på. Det gjer at eg har komme heilt tett på familien.

– Du kallar Grepp-familien det første norske venstredynastiet. Kva legg du i det?

– Den formuleringa har eg frå Andreas Skartveit. Det er den første norske familien som etablerer eit slikt forhold til venstresida. Kyrre og Rachel var med og stifta Bergens socialdemokratiske Ungdomslag i 1902.

– I 1918 skriv Kyrre: «Jeg har aldri direkte tilhørt proletariatet, men jeg er i virkeligheten aldri kommet ut av det.» Korleis skal vi forstå det?

– Han var jo ein middelklassegut som blei fanga opp av det han såg ikring seg av fattigdom og liding. Han reagerte så sterkt på dei rike og deira framferd i Bergen.

Kompromisslaus

Rachel er med Kyrre heile vegen – uavhengig og på sjølvstendig grunnlag. Like sidan ho som 11-åring hadde blitt «nappa med» i eit 1. mai-tog, hadde ho hatt venstreradikale haldningar. Ho er ein av dei flottaste kvinneskikkelsane i norsk historie, men totalt gløymt, «en rank kvinne fra ingen tider», skreiv Odd Eidem.

– Den kjende legen og samfunnsdebattanten Johan Scharffenberg sa at Kyrre Grepp minte han om Ibsens Brand. Var han like kompromisslaus?

– Han var kompromisslaus, sjølv om han som mange slike var hjartegod på botnen. Han kunne skrive nådelaust mot dei i hans eige parti som dreiv så dårleg opposisjonspolitikk at han opplevde det som støtte til Gunnar Knudsens andre regjering. Og i fullt alvor føreslo han å stengje dei konservative avisene Tidens Tegn og Aftenposten.

Kyrre Grepp er den einaste leiaren av Arbeidarpartiet som har døydd på sin post. Og han er den einaste som har blitt vald til formann utan å ha ytra eit ord på landsmøtet som valde han, fordi sjukdommen gjorde han stemmelaus. Han førte partiet i revolusjonær retning, men snart sprakk det. Valaker, og fleire med han, meiner at Grepp, om han hadde fått leve, var den einaste som kunne ha hindra denne splittinga. Martin Tranmæl klarte det ikkje.

– Korleis vil du karakterisere Kyrre Grepp?

– Han hadde eit feltherreblikk og ei djup bassrøyst som sjølv C.J. Hambro misunnte han. Han stod på ytste venstresida i Arbeidarpartiet, likevel klarte han med si karismatiske framferd å halde partiet saman. Og han var ein kjærleg familiefar. At han ofte tok dei eldste sønene på fanget og kjælte med dei, resulterte dessverre i at han overførte tuberkulosesmitten.

– Rachel, som sat att med fire mindreårige born, må ha vore eit uvanleg sterkt menneske?

– Denne vesle kvinna på 152 centimeter heldt seg oppreist i alle stormar. Fem gonger stod ho like urørleg ved ei grav etter å ha mista familiemedlemmer, men aldri gjekk ho i kne. Rachel skapte ein av dei viktigaste kulturheimane i Oslo, der ho levde det meste av livet etter Kyrres død. Og ho hadde ei rad viktige politiske verv.

Fryktlaus krigsreporter

Dottera Gerda Grepp (1907–1940) vann seg eit namn som krigsreporter, men fekk aldri den heideren ho fortente. Valaker meiner det må komme av at ho døydde så tidleg og på eit tidspunkt, nokre månader etter den tyske invasjonen i 1940, som gjorde at ho «drukna» i mykje anna.

Kommunist i eigentleg forstand var ho ikkje, meiner Valaker. Ideologisk var ho ikkje av dei skarpaste. Ho var nok påverka av haldningane i heimen, men det ho var oppteken av, var å reise i Europa, gå i skyttargravene, heilt fryktlaus. Alt i 1930 fekk ho konstatert tuberkulose, som også den eldste dottera hennar døydde av det året.

– Seks år etter at ho fekk diagnosen, drog ho til Spania for å rapportere frå borgarkrigen. Korleis var det mogleg?

– Ho hadde eit ulevd liv og var full av eventyrlyst. «Det er dette livet jeg vil ha», skreiv ho til mora i 1938. Eg trur at det som dreiv henne, var at ho var fanga i dei journalistiske ambisjonane sine.

Valaker legg til at eventyrlysta også omfatta fleire erotiske «eventyr», mellom anna med den kjende reporteren og forfattaren Arthur Koestler.

– Arbeiderbladet, som sende henne til Spania, kunne ikkje vere uvitande om helsetilstanden hennar?

– Martin Tranmæl visste heilt klart om det. Han var gudfaren hennar og hadde vore verje for borna etter Kyrres død.

I boka si trekkjer forfattaren fram eit lysande trekløver av uredde kvinnelege krigsreporterar frå borgarkrigen i Spania: Gerda Grepp, Lise Lindbæk, Martha Gellhorn. Dei var gjerne dei siste til å forlate ein by når Franco-styrkane kom, då var som regel dei mannlege kollegaene alt fordufta.

Ei ideologisk novise

– Korleis vil du beskrive reportasjane til Gerda Grepp?

– Dei ber preg av at ho står heilt oppe i situasjonane. Ho ligg i skyttargravene, kulene kvin, og ho fortel nøkternt og i eit enkelt språk. Stilen hennar er journalistisk, utan anna tyngd enn den situasjonen sjølv gir.

– Ved byrjinga av andre verdskrigen uttrykkjer ho sympati for Tyskland og Italia og fascismen. Korleis tolkar du det?

– Som eit utslag av at ho var ei ideologisk novise. Ho skjøna ikkje kva som skjedde, i alle fall ikkje djupna i det.

– Meinte ho ikkje noko om det som skjedde 9. april 1940, eller var ho for sjuk?

– Eg har ikkje funne noko. Vinterkrigen i Finland skreiv ho om, og der var ho oppteken av å fortelje at familien hennar snart var dei einaste som støtta den sovjetiske invasjonen. Men 29. august 1940 var livet hennar slutt.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Kyrre Grepp hadde eit feltherreblikk og ei djup bassrøyst som sjølv C.J. Hambro misunte han.

Tormod Valaker

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis