Utforskar kjærleiken i musikk og lyrikk

Unnveig Aas skriv svulstige countryballadar og moderne lyrikk for å sleppe seg laus.

Det nyaste albumet til Unnveig Aas er nominert til Spellemannsprisen.
Det nyaste albumet til Unnveig Aas er nominert til Spellemannsprisen.
Publisert Sist oppdatert

Unnveig Aas har gitt ut to diktsamlingar og to musikkalbum sidan 2014. Det siste albumet, Young Hearts, vart denne veka nominert til Spellemannprisen for 2019, i kategorien country.

– Det er litt uverkeleg, men det gjer mykje for sjølvtilliten å bli nominert. Det kom mange gode plater i sjangeren i fjor, så eg vart eigentleg overraska over nominasjonen.

Aas lagar musikk i sjangeren americana, og namnet hennar kjem ofte opp i samband med omgrepa norwegicana og nordicana.

– Eg høyrer heime i dei sjangrane. Nordicana er ei nemning på norske artistar som er påverka av country og americana. Det er fleire gode artistar som lagar musikk i sjangeren no, som Signe Marie Rustad og Malin Pettersen.

Country som vaksen

Då Aas starta band som tenåring, skreiv ho mest indiemusikk. Countryen gjekk ho over til først som vaksen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement