Bok

Uri ord for ord

Om Helene Uri kunne få oppfylt eitt språkønske, måtte det vere at talet på valfrie former i norsk blei kraftig redusert. Ho leier gjerne komiteen som gjer jobben.

Helene Uri har skrive fleire romanar og bøker om språk.
Helene Uri har skrive fleire romanar og bøker om språk.
Publisert

I den nye boka si, Hoppe etter ruccola, skriv ho mellom anna om godt og dårleg språk, klart språk og språkleg bråk, språkblomar og språklege mistydingar. Det meste er eit tematisk ordna utval frå spalta hennar i Aftenposten, kutta litt i, utvida litt og dels nyskrive.

Boka er ei blanding av underhaldning og folkeopplysing, men at ho også er ute etter å få folk til å skjerpe seg, vil ikkje språkvitar Uri utan vidare vere med på.

– Det er aldri dumt at folk skjerper seg litt, men i valet mellom å få folk til å skjerpe seg og å glede seg over språket, vel eg det siste. Eg er meir interessert i å skape språkglede enn å veifte med raudblyanten.

– Du skriv at språket forandrar seg. Men det er vel vi som forandrar språket?

– Den påpeikinga er heilt på sin plass, for ofte uttalar ein seg som om språket er ein organisme som lever sitt eige liv, og at slik må det vere. Språket er menneskeskapt, og vi kan skape om på det.

– Er det heilt greitt at språklege mistydingar blir godtekne som rette og får plass i ordbøkene, som at bjørneteneste no betyr noko positivt?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement