Plastforureining

Plast, pengar og politikk

Plast har funne vegen inn i menneskehjernar og morsmjølk, men verdsleiarane vil ikkje kutte i produksjonen. Her er nokre av grunnane.

Plastavfall er ei kjelde til alvorleg global forureining. Biletet er teke i Paraguay i november 2024.
Publisert Sist oppdatert

Noko av det første Donald Trump gjorde i sin andre presidentperiode, var å signere ein presidentordre som gjorde det mogleg å halde fram med plastsugerøyr.

«Vi går tilbake til plastsugerøyr. Desse tinga fungerer ikkje», sa Trump om papirvariantane, som skulle erstatte store mengder plast for eingongsbruk.

I ettertid kan vi sjå ordren som eit frampeik mot dei globale plastforhandlingane i Genève, som for ei veke sidan stranda utan nokon forpliktande avtale.

Nederlaget

Ei forenkla skildring av forhandlingsnederlaget ser slik ut:

Éi gruppe tok til orde for ein plastavtale som skulle omfatte heile verdikjeda for plast, frå produksjon til avfallshandtering (les: innebere mål om produksjonskutt). Denne gruppa vart leia av Noreg og Rwanda, og kalla seg «høgambisjonskoalisjonen».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement