Musikk

Unorsk erkenorsk

Sidan Fieh, med Sofie Tollefsbøl frå vesle Eina på Vestre Toten i spissen, steig ut av musikklinja på Gjøvik for snart ti år sidan, har dei breidd om seg.

Fieh består av Sofie Tollefsbøl (vokal), Jørgen Kasbo (gitar), Ola Øverby (trommer), Kai von der Lippe (keyboard), Solveig Wang (synth og kor), Lyder Øvreås Røed (trompet, perkusjon og horn), Andreas Rukan (bass) og Thea Arnesdotter (kor).
Fieh består av Sofie Tollefsbøl (vokal), Jørgen Kasbo (gitar), Ola Øverby (trommer), Kai von der Lippe (keyboard), Solveig Wang (synth og kor), Lyder Øvreås Røed (trompet, perkusjon og horn), Andreas Rukan (bass) og Thea Arnesdotter (kor).
Publisert

Fiehs første album, Cold Water Burning Skin (2019), gjekk for å vere «etterlengtet». Bandet var alt kjent for både å vere «flinkisar frå jazzlinja» og å halde forrykande konsertar. Også andreplata, In the Sun in the Rain (2022), blei omtalt som «etterlengtet». Dei vann Kulturdepartementets talentpris, Bendiksenprisen, i fjor og har blant anna blitt Spellemann-nominerte to gonger.

No er tredjeplata ute, og ja, same morgon står det å lese i NRKs «Best akkurat nå»-spalte: «Tollefsbøl og resten av hennes oransje entourage slapp i natt det etterlengtede (sic) albumet Fieh III.» Sett av heile helga og ta ein «Fieh-pils og Fieh-pizza», skriv musikkjournalisten.

Då er det ekstra kjekt å starte helga med ein prat med Sofie Tollefsbøl, som kjem omtrent rett frå sleppfest og deretter eit frukostseminar i regi av årets Bylarm i Oslo, som er ein viktig musikkongress og -festival, særleg for ferske artistar. Fieh spelte sjølv på Bylarm i 2017 og blei trekt fram som eit band folk måtte få med seg. Det gjekk gjetord etter ein nattjazzkonsert i Bergen, «Glu» blei ein hit, og Elton John rosa dei opp i skyene i radioprogrammet sitt.

– Men kva er Fieh-pizza?

Tollefsbøl flirer.

– Der blir vi visst parafraserte. Vi skal spele fire konsertar på Parkteatret i Oslo i november og har brygga vårt eige øl til det. Planen er at vi skal ha «Fieh pils og en pizza» på menyen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement