Tysk i skulen

Tysk er sterkt etterspurt i norsk kultur- og næringsliv. Men ved norske høgskular og universitet er tysk ikkje eit prioritert fag.

Behovet for tysklærarar vil verte større i framtida. Likevel vert ikkje tysk prioritert ved norske høgskular og universitet.
Behovet for tysklærarar vil verte større i framtida. Likevel vert ikkje tysk prioritert ved norske høgskular og universitet.
Publisert

Tyskland er på alles lepper. Det har nettopp vore val der. Månaden vi no går inn i, oktober, tyder ikkje berre oktoberfest, men òg feiring av Martin Luther. Det er 500 år sidan Luther spikra tesane sine mot avlaten på ei kyrkjedør i Wittenberg, og gav startskotet til reformasjonen. I denne samanhengen er det naturleg å spørja: Korleis står det til med tyskkunnskapane våre?

Svaret er heller dårleg. I innspurten til det tyske valet melde P4 at «nazistar» kan koma inn på Forbundsdagen. Dersom det verkeleg var tale om nasjonalsosialistar, hadde ordet «nynazist» vore meir presist. På sjølve valdagen vart Søndagsrevyen på NRK krydra med innslag om tysk humor og amerikanske Hollywood-stjerner som hadde vore på vitjing hjå forbundskanslar Angela Merkel.

Kontrasten kunne ikkje vore større samanlikna med for eit par tiår sidan. På den tida tala jamvel norske sportsjournalistar tysk.

Korleis er det mogeleg? Kunnskapane i tysk – både språk og kultur – har vore i forfall. Tysk er mindre populært enn spansk som framandspråk i den norske skulen og ved norske universitet. Berre 1,5 prosent av norske studentar vel å studere i Tyskland.

Samtidig har etterspørselen etter tysk i norske bedrifter auka jamt og trutt. Eg vil gje historia eit konkret grunnlag, og går personleg til verks.

Eg tok tysk valfag i skulen på slutten av 90-talet. Spansk fanst ikkje. Kvifor tysk? Stikkorda er TV-serien Derrick og tyske turistar på hurtigruta. Det sistnemnde tydde ein rask veg til sumarjobb på det lokale turistkontoret.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement