Trur på papiravisa

Den nye Aftenposten-redaktøren, Trine Eilertsen, vil jobbe for å halde på papiravisa så lenge som mogleg.

Norske medium må jobbe for å vere meir opne om vurderingane dei gjer, og vere meir audmjuke når dei tek feil, seier Trine Eilertsen, ny Aftenposten-redaktør.
Norske medium må jobbe for å vere meir opne om vurderingane dei gjer, og vere meir audmjuke når dei tek feil, seier Trine Eilertsen, ny Aftenposten-redaktør.

Denne veka tok Trine Eilertsen over som sjefredaktør og administrerande direktør i Aftenposten, Noregs største papir- og abonnementsavis.

I ei tid med fallande opplag for papiravisene generelt har ho meir tru på papirformatet enn før.

– Lyspunktet er jo at falltakta ikkje aukar. Det vil ikkje seie at eg trur vi kjem til å kunne halde fram med papiravis sju dagar i veka i det uendelege, men vi kjem til å jobbe for å halde på papiravisa så lenge som mogleg, seier ho.

Meir politikk og analyse

Eilertsen kjem frå stillinga som politisk redaktør i Aftenposten, har tidlegare jobba som kommentator i NRK og som både journalist, politisk redaktør og sjefredaktør i Bergens Tidende. I årevis har ho delteke i den offentlege debatten.

– Kvifor sjefredaktør, er det ikkje fyrst og fremst mykje administrasjon og bekymringar i ein slik jobb?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement