Trump saksøkt av PENPEN America vil hindre president Donald Trump i å true journalistar og medium for mediedekning han mislikar.

PEN America vil hindre president Donald Trump i å true journalistar og medium for mediedekning han mislikar.

PEN vil stoppe president Donald Trump.
PEN vil stoppe president Donald Trump.

Skribent- og ytringsfridomsorganisasjonen PEN America har fått nok av den amerikanske presidentens utfall mot og stempling av media, og levert inn søksmål mot han i ein føderal domstol i New York. Målet er å hindre presidenten i å nytte regjeringsapparatet til å slå attende og truge med represaliar mot journalistar og media for dekning han ikkje likar. Det melder Publishers Weekly.

I eit ope brev skriv PEN-president Jennifer Egan og administrerande direktør Suzanne Nossel at handlingar som å krevje at enkelte journalistar skal verte sparka, og å stemple media som fiendar av det amerikanske folket, har skapt eit miljø av hat mot media «der journalistar har vorte utsette for drapstruslar, trunge livvakter for å dekkje politiske møte og vorte utsette for åtak i eigne redaksjonslokale». Dei viser òg til at presidenten har truga forlag og forfattarar som har publisert kritiske bøker.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement