Tonen

Publisert

Musikalitet er ein viktig eigenskap for ein lyrikar. Elias Blix skal ha vore svært musikalsk og ha hatt ei god songrøyst. Tekstane hans er alltid rytmisk presise. Salmane sine skreiv Blix så godt som alltid til koralmelodiar som alt var velkjende og innsungne i norske kyrkjelydar. Til «Kved upp, Guds Folk» oppgav han julesongen «Fra himlen høyt jeg kommer her» som tone. Bruken av populære og autoriserte tonar var ein faktor som kan ha medverka til å gjere det enklare å få aksept for salmar på landsmål.

Det finst nokre få unnatak frå denne regelen. I «No koma Guds Englar» gjorde Blix sitt mest radikale melodival: å nytte ein religiøs folketone, knytt til Petter Dass-teksten «Det hendte sig Jefta den Gileads Mand». For «Far utor dine Skor» (i nyare salmebøker «Heilag er kyrkja her») oppgav han tonen til «Våga dig» av den svenske vekkingsforkynnaren Rosenius. Sigvald Tveit og Stig Wernø Holter meiner at dette er same tonen som til «Glade jul». Til «I Jesu Namn me stemna fram til Himmelhamn» står det ingen tone i førsteutgåva. Her hadde Blix laga både tekst og tone sjølv. Denne melodien blei ikkje trykt i Blix’ levetid, men han har teikna han inn i sitt eige eksemplar av andre utgåve av Nokre Salmar, som no finst i Salten museum. Ludvig Mathias Lindeman komponerte ein tone til salmen som blei trykt i fjerde utgåva, men det er ein seinare tone av Otto Winter-Hjelm som har slått igjennom og som no er i bruk.

I Nynorsk Salmebok (1925) og Landstads reviderte salmebok (1926) blei «Kved upp, Guds Folk» knytt til tonen «Gjør døren høy, gjør porten vid». Salmen var lenge lite i bruk. Kanskje var dei velbrukte melodiane blitt for mykje brukte? I Norsk Salmebok (1985 og 2013) har teksten fått ein frisk engelsk tone som går under namnet Truro. Korleis det gjekk til, veit hymnologen Åge Haavik:

– Trond Kverno og eg reiste saman med tog til vekesmøtet på Utstein Kloster i Salmebokkomiteen i august 1976. Vi nytta noko av tida til å førebu oss på møtet, mellom anna ved å finne melodiforslag. Eg hadde med meg ei bok som framleis er ei av yndlingsbøkene mine, Christian Praise. Blix har jo skrive alt i kjende metra og til kjende melodiar. Vi var samde om at somme tekstar ville få ein mykje sterkare karakter med ein profilert melodi. Vi var merksame på den fantastisk flotte pinsesalmen til Blix, og da vi under leitinga fann Truro, var vi ikkje i tvil, og framlegget gikk rett igjennom i alle instansar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement