Theodor Kittelsen – Kva ville han med livet?Theodor Severin Kittelsen (1857–1914) er ein av dei få biletkunstnarane i «gullaldergenerasjonen» rundt 1900 som framleis er allment kjend og populær. Han ætta frå Telemark og Risør, var fødd inn i småborgarskape
Theodor Severin Kittelsen (1857–1914).
Foto: NTB scanpix
Theodor Severin Kittelsen (1857–1914) er ein av dei få biletkunstnarane i «gullaldergenerasjonen» rundt 1900 som framleis er allment kjend og populær. Han ætta frå Telemark og Risør, var fødd inn i småborgarskapen i Kragerø og fekk med hjelp frå samfunnsengasjerte og rike borgarar i Arendal utdanning som biletkunstnar i Kristiania og ved Akademiet i München. Han var studiekamerat med Harriet Backer, Kitty Kielland, Aasta Nørregaard, Eilif Peterssen, Christian Skredsvig og Erik Werenskiold. Kittelsen hadde stipendopphald i Paris. Som vaksen budde og arbeidde han på Skomvær i Lofoten, på Skåtøy ved Kragerø, i Hvitsten ved Oslofjorden, i Eggedal og – lengst – i Sigdal der kunstnarheimen i dag er museum. På grunn av sjukdom flytte han med familien til Vestre Aker og sidan til Jæløya ved Moss der han døydde, berre 56 år gammal.
Dei viktigaste verka hans?
Dei best kjende i dag er illustrasjonane til tre bind av Asbjørnsens barneeventyr som han i 1880-åra utførte i samarbeid med Werenskiold. I åra etter 1905 illustrerte Kittelsen åleine fleire eventyrsamlingar som kom ut på forlaga Aschehoug og Gyldendal. Desse illustrasjonane er viktige fordi dei skapte visuelle framsyningar om eventyruniversa som framleis er dominerande.
Dei beste verka hans?
Seriane med teikningar og akvarellar som Kittelsen kalla «Troldskab», «Jomfruland», «Svartedauden» og «Lofoten» I og II, er det beste han har gjort. Kittelsen var medlem av Den Norske Forfatterforening og skreiv tekstar til desse seriane. Bortsett frå «Jomfruland» kom dei ut som gjennomillustrerte bøker og representerer noko av det fremste i norsk bok- og papirkunst.
Kva innverknad hadde han på ettertida?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.