JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

TeaterKultur

Venskap,
kjærleik og kamp

Edderkoppkvinnens kyss på Teatret Vårt er ei sterk og raffinert nyoppsetjing av ein klassikar. 

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
sfgsfbdsf

sfgsfbdsf

sfgsfbdsf

sfgsfbdsf

2712
20170303
2712
20170303

TEATER

Teatret Vårt:

Edderkoppkvinnens kyss

av Manuel Puig
Omsett av Svein Selvig
Regi og scenografi:
Thomas Bjørnager

Det er både ei plikt og eit kall for teateret å spele stykke som kommenterer samtida vår. Dei mest omtala urohendingane i verda i dag er ikkje dei same som på 1970- og 80-talet, men romanen Edderkoppkvinnens kyss, som raskt vart både film og teaterstykke, med diktaturregimet i Argentina som bakteppe, appellerer like sterkt i dag. Valden og uroa i verda flytter på seg, men endrar seg ikkje mykje.

I fengsel

Det dreier seg om to menn som deler fengselscelle. Den første, Valentin, er geriljasoldat og arrestert på grunn av det. Den andre, Molina, er tilsynelatande fengsla av di han har synt ein provoserande livsstil, som feminisert homofil. Så ulike dei er, har dei likevel funne eit slags vis å fungere saman på i det klaustrofobiske tomrommet. Den første fortel om den politiske kampen han vonar å få fortsetje på, den andre underheld den første med å referere handlinga i romantiske filmar han har sett. Slik held dei kvarandre oppe, om enn ikkje utan stormar og krangling.

Når vi etter kvart skjøner at Molina faktisk er fingert innsett for å spionere på Valentin og pumpe informasjon frå han, får historia ei skarpare vinkling. Men vennskapet vinn over spionasjeoppdraget, og Molina forråder ikkje vennen sin. Når dei til slutt må skiljast, har vennskapet deira òg vorte til eit vart og valent kjærleiksforhold. Men, som vi får vite, møtest dei aldri att.

Intens puls

Framsyninga, på den vesle blackbox-scena Storyville i kulturhuset Plassen i Molde, er konsentrert til eit ørlite kvadratisk sceneområde avgrensa av stålrammer. Teatersjef Thomas Bjørnager har stått for både uttrykket og det visuelle. Framsyninga har ein stram og intens puls og forbløffande effektfulle «mellomspel»: nokre scener frå fengselsdirektørens kontor, filma i svart kvitt og projisert på scenegolvet.

gjennomført

Dei gjennomførte kunstnarlege vala i stykket har òg tydeleg inspirert skodespelarane. Sigmund Njøs Hovind (Valentin) og Hugo Mikal Skår (Molina) spelar båe ut lengt, frustrasjonar, voner og vonbrot i høg temperatur, og rollefigurane er imponerande heilstøypte. Det er ei stor utfordring å overtyde med skildringar så fjernt frå vår eigen norske kvardag, men i Edderkoppkvinnens kyss på Teatret Vårt er det heile så menneskeleg sett at vi utan problem kan takast med frå det kjende til det ukjende – og attende.

Bent Kvalvik

Bent Kvalvik er filmarkivar og fast teatermeldar for Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Framsyninga har ein stram og intens puls og forbløffande effektfulle mellomspel».

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis