Teater
Svart komediemed krasjlanding
Tore Renbergs nasepeik til Velferds-Noreg treffer ikkje blink denne gongen.
Skodespelarane byd på vittig, karikert vondskap og held låtten i live eit godt stykke på veg.
Foto: Dag Jenssen
Tore Renberg har gjennom mange år markert seg som ein både folkeleg og samfunnskritisk forteljar. Få kan som han setje skarpljoset på det nye Noreg, der vi trass mange tiårs velferdsbygging framleis ser sosial naud og glatt nyrikdom polarisert mot kvarandre.
Det kan vere mykje å seie om dette, både i bokform og på scene, og det synest òg viktig at det vert sagt. Renberg har alt lukkast med det fleire gonger. I det nye makabre stykket hans, som no går på Det Norske Teatret, kjenner ein stundvis att det typisk renbergske, som ofte er både ubehageleg og boblande komisk samstundes. Men skodespelet Tante Jane hamnar diverre på ein vanskeleg haldeplass mellom to sjangrar: farsen og det sosialrealistiske dramaet. Det fører ganske snart til at det heile blir for usannsynleg til at vi kan ta det på alvor, og for grotesk til at vi kan le.
Farsemønster
I eit fikst og fancy husvære bryt to kriminelle bomsar seg inn for å stele, den eine av dei er nevøen til frua i huset. Da frua dukkar opp, og til og med får ei venninne på vitjing, må dei gøyme seg, og derifrå er sjølve farsemønsteret lagt. Personane er både frå dramatikar og skodespelarar teikna med vittig, karikert vondskap, og både situasjonar og dialogar held låtten i live eit godt stykke på veg. Likevel byrjar det å skurre når ein merkar at dette parodiske stykket insisterer på å bli verande i ei realistisk setting. Her seier og gjer dei ting som nok kan hende går an i eit mareritt, eller i Donald, for den del. Men i ei normal handling går det faktisk ikkje an.
Elegant kontroll
Det er alltid moro å sjå gode skodespelarar, som Marit Adeleide Andreassen Geir Kvarme og andre, gjere ustyrlege roller med elegant kontroll. Men dette stykket hadde trunge ein luftigare og meir antirealistisk spelestil og scenografi, ja, kan hende til og med skodespelarar som ikkje hadde den typiske alderen eller utsjånaden for rollene. Det kunne truleg gjeve Renbergs beiske humor betre utteljing.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.