JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

TeaterKultur

Overfallskunst

For kunstnarduoen Blaue & Poppy blei eit traumatisk overfall kjelda til høgst original scenekunst.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Blaue & Poppy framfor Stortinget. Etter eit traumatisk overfall i Rio krev dei ei lov mot strukturell vald som dei sjølve vil ha straff for å ha brote.

Foto: Nikolai Bergstrøm

8556
20240105
8556
20240105

Teater

marita@dagogtid.no

Ein kveld like før jul kunne folk som sklei og hutra mellom Jul i Vinterland og Stortinget, sjå eit par i førtiåra trave ned frå Det Norske Teatret og opp Løvebakken berande på plakatar med påskrifta «No theatre» og «Lov mot strukturell vald». Rundt dei svinsa ein fotograf frå Court Stage TV, ifølge skiltet.

– Teaterets død, ropte dei.

– Lovas fødsel!

Mange ensa dei knapt. Dei hadde gåver å kjøpe og julebord å rekke. Andre tok dei for å vere to i mengda av demonstrantar som skreik etter våpen til Ukraina.

Heilt opp til stortingsdøra marsjerte dei, tynnkledde, ho i sommarkjole, med langt lyst hår og raud leppestift, han i kvit dress, svart skjegg og krøllar, svartlakkerte negler og panamahatt.

Doktorgradsarbeid

Blaue & Poppy, kallar dei seg, performancekunstnar og skribent Julian Blaue frå Sør-Slesvig og forfattar og scenekunstnar Edy Poppy, som vaks opp som Ragnhild Moe i Bø i Telemark. Begge har lyst opp i terrenget før – ho særleg med romanen Anatomi. Monotoni, han med tidvis skandaleombruste performancar. Dei har levd omflakkande liv. No har dei tre barn og rekkehus. I år kjem ho med ein ny roman. Han skal disputere ved Institutt for visuelle og sceniske fag på Universitetet i Agder.

Når duoen demonstrerer framfor Stortinget denne kvelden før jul, er det ein del av framsyninga Teateret sin død og lova sin fødsel?, ein performance som inngår i Blaues doktorgradsarbeid. Inne i salen på Det Norske Teatret sit publikum, som nettopp såg dei knuse kulissane og forlate scena, og ser dei på storskjerm og undrar: «Kva skjer? Skal dei bryte seg inn på Stortinget? Kjem dei tilbake?»

Overfallet

Vi må spole åtte juler tilbake. Blaue og Poppy var på ferie i Rio de Janeiro. Dei hadde blitt forelska etter å ha samarbeidd om ein performance om 22. juli på Henie Onstad Kunstsenter, og no gjekk dei tur, lykkelege, med vesle Béla sovande i vogn, på sjølvaste julaftan, i overklassestrøket Lagoa.

– Julian ville at vi skulle sjå ein innsjø med eit flytande juletre. Eg var skeptisk. Det var i ein park, og det mørkna. Men det var vakkert, og uroa forsvann, fortel Poppy.

– Men så kom to menn, barbeinte, væpna med kniv. Dei trengde oss inn i eit hjørne og ropte: «Gi oss alt de har!» Vi kasta frå oss fotoapparat og alt anna. Eg sprang etter barnevogna som trilla bortover. Julian prøvde å forhandle.

– Eg tviheldt på eit bankkort, trudde eg. Det var eit bleiekort, seier han og smiler.

Fordi parken var videoovervakt, kom politiet straks, tungt væpna. Den vesle familien blei skyssa til turistpolitistasjonen. Ranarane blei raskt fakka, og paret fekk fotoapparatet tilbake, blodig. Dermed har dei bilde av seg sjølve i parken. Minne. Bevis.

– Vi spurde om politiet kunne skysse oss heim til den norske sjømannspresten, som vi budde hos. Men huset låg i eit gated community like ved Rios største favela, der ranarane budde. Politiet sa: «Viss vi køyrer dykk dit, blir det krig.»

Ein drosjesjåfør sa ja til å ta dei med på krita, og presten, som akkurat hadde ønskt det norske folket god jul på Dagsrevyen, betalte. No blei dei sittande og prate om overfallet heile natta, fortel Poppy.

Etterforskinga

Tre år og mange tankar seinare tok Blaue, no universitetstilsett, fatt på doktorgraden sin, som altså har basis i overfallet. Paret hadde komme fram til at overfallsmennene, Gomes og Santos, ikkje berre hadde krav på pengane dei rana til seg, men rett på erstatning, fordi verdssamfunnet er strukturert slik at dei fattige blir utnytta.

– Til dømes førte fotball-VM i Rio til at favelahus blei rivne og sosiale ordningar fjerna, seier Blaue.

Vi kan ikkje legge ansvaret for eit ran på enkeltmenneske, konkluderte dei.

Og så gjekk dei til verks. I ein performance på Sørlandets Kunstmuseum vedtok dei ei lov mot strukturell vald som dei skulda seg sjølve for å ha brote. For å skape blest gjorde dei ein gammal brannbil om til «anmeldelseskontor», der folk kunne melde «middel- og overklassesyndene» sine, noko Dagsrevyen omtalte.

Deretter reiste dei tilbake til Rio, der dei brukte tre månader på å gå frå spor til spor – på åstaden, hos politiet, hos juristane som sat på saka, og i fengselet, der dei fekk vite at Gomes var på flukt, mens Santos var på ein forbetringsanstalt.

– Då vi sa at vi ville be dei om unnskyldning og gi dei erstatning for skadane vi hadde påført dei, fekk politibetjentane latterkrampe, fortel Blaue.

Kunstens avgrensingar

Etter «mellomrapportframsyningar» på Museu de Arte do Rio, Kristiansand Kunsthall og Teaterfestivalen i Fjaler blei neste steg Rettssaken mot oss selv i 2021, med skodespelarar i rollene som aktor, forsvarar og dommar, mens tilskodarane kunne kommentere og stille spørsmål, før ein global nettjury avsa dommen.

– Vi drog vekslar på amerikanske CourtTV, som viser rettssaker usensurert, fortel Poppy.

Ei straff som blei foreslått, var at duoen eigenhendig skulle stoppe fotball-VM i Qatar.

Scenekunst omtalte Rettssaken mot oss selv som ein «omvendt kafkaprosess». «Poppy og Blaue prøver både å si noe viktig og riktig samtidig som de også gjør narr av performancekunstnere som prøver å gjøre nettopp det», skreiv meldaren.

– Vi kjenner til kunstens avgrensingar, seier Poppy.

– At vi går med kleda vi gjekk med julaftan 2015, kvar gong vi opptrer, gjer oss både autentiske og til dei to figurane folk set på toppen av bryllaupskaka.

«Rettssaka»

Vi som sit i salen og ser Teateret sin død og lova sin fødsel?, får først servert eit foredrag av den tyske filosofen og kritikaren Wolfgang M. Schmitt, pen i knallgul dress. Han legg ut om kapitalisme, marxisme og omfordeling. Han viser klipp frå kjende filmar der dei superrike blir uthengde, men det er teoritungt, og enkelte av oss spør kva dette er for noko, før vi går bak i baren, som er «pynta» med soldatar med maskingevær – ein del av scenografien.

Bartenderen ergrar seg over at figurane skjuler eska med Freia-sjokolade.

Men så, i andre akt, blir det action: ei «rettssak» der dommaren, Schmitt, skal avgjere om Blaue & Poppys lov om strukturell vald bør bli vedtatt eller ikkje. Ein ekspert frå «International Institute of Political Murder» gir politiske råd. Ein regissør som jobbar med true crime, gir teaterfaglege innspel. Ein scenekunstnar uttaler seg om fattigdom.

Motstemmene er mange – i panelet og i form av «bevis» frå tidlegare performancar.

Ein advokat frå Rettssaken mot oss selv forsvarer duoen, mot sin vilje, i eit videoklipp.

– Dette er pretensiøs performancekunst, argumenterer advokaten.

– Dei lid av PTSD, kanskje stockholmssyndromet. Kjære jury, ha omsorg for dei. Frikjenn dei.

«Dommen»

Laga er mange og tidvis absurde. Åtte år gamle Béla blir vist fram som teikn på tida som har gått. I scenografien er alt fordobla. Til dømes drikk folk vatn av glas dekte av ei teikning av eit glas. For å avgjere kven – Gomes & Santos eller Blaue & Poppy – som har hatt størst negativ eller positiv påverknad på livet til dei to andre før, under og etter overfallet, blir det delt lykke- og skadepoeng. «Vinnarane» er Blaue & Poppy.

Dei jublar ikkje.

– Hadde vi hatt ei lov mot strukturell vald, kunne denne rekneskapen vore utgangspunktet for ei straff, ikkje ei feiring, argumenterer dei.

Då Schmitt ber dei, med mange ord, om å ta lova ut av fiksjonen og inn i røyndommen, tolkar dei det slik at dei må øydelegge teateret. Så då set dei i gang med å knuse «domstolen» med hammar og slegge. Røyk og lyden av tysk hardrock fyller rommet. Like brått forlét dei salen, før vi, måpande, altså ser dei på storskjerm, marsjerande ut, ned til Stortinget, inn porten og fram til døra, der dei held ein agitatorisk tale.

Blod på tann

Blaue & Poppy kjem seg ikkje inn på Tinget; dei må gå tilbake til teateret, framleis veivande og gaulande, inn igjen i korridorane, ut igjen på den smadra scena. Helst skulle dei vore i Tingretten, men som dei seier når vi pratar saman etterpå: Det er tydelegvis ikkje lett å ta lova ut av teateret.

– Prosjektet er sannferdig, men sidan lova mot strukturell vald ikkje er offisielt vedtatt, blir det teater, mot vår vilje. Vi lagar teater i protest mot å vere teater, seier Poppy.

Og no har dei fått blod på tann.

– Vi skal jobbe for å få etablert lova mot strukturell vald, og det globalt.

I land etter land skal ein ny dommar og eit nytt ekspertpanel avgjere om lova kan leggast fram for parlamentet der, fortel duoen engasjert.

I teateret, då vel. Eller i røyndommen? Som han sa, Harry Fett: Kunst er kunsten å sjå.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis