JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Tar til orde for ei tøffare kyrkje

Kyrkja må tore å meine noko om samfunnet, tykkjer komande biskop i Bjørgvin, Ragnhild Jepsen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ragnhild Jepsen er ny biskop i Bjørgvin bispedøme.

Foto: Bjørgvin bispedøme

7652
20230303

Bakgrunn

Ragnhild Jepsen er fødd i 1969 og kjem frå Ål i Hallingdal.

Ho arbeider no som domprost i Nidaros, men vert vigsla til biskop i Bjørgvin bispedøme søndag 16. april kl. 11.00 i Bergen domkyrkje.

Religion

julie@dagogtid.no

Den nyvalde biskopen i Bjørgvin bispedøme, Ragnhild Jepsen, seier ho ynskjer å vere ein tydeleg samfunnsaktør. Som prest er ho ikkje redd for å ytre seg om politiske spørsmål – ei tydeleg stemme tenkjer ho er best for alle partar.

– Kyrkja er til stades over heile landet. Det er ikkje mange arenaer i vår tid som har ein talarstol som kan nyttast kvar veke, men det skjer jo i gudstenestene, seier den nyvalde biskopen.

Ho tykkjer folk som arbeider i kyrkja, lyt tale meir saman om korleis dei kan treffe både tida og ulike målgrupper på ein betre måte.

– Me lyt vise at det me står for, har relevans.

Viser veg

Som domprost i Nidarosdomen vigde ho likekjønna, og ho nytta sjølv sørsamisk i bøn i høve der ho skulle snakke til den samiske befolkninga.

– Kyrkja har vore minst like tøff som resten av samfunnet i fornorskingsprosessen, så me lyt delta i forsoningsarbeidet, me òg.

Jepsen fortel at kyrkja, både i Nidaros og på nasjonalt hald, har engasjert seg i politiske spørsmål som til dømes vindmøllesaka på Fosen. Ho presiserer at fleire prestar har vore tydelege på kva dei meiner må skje av oppfylging etter at høgsterettsdomen slo fast at konsesjonane til oppføring av vindkraftverka utgjer eit brot på internasjonale menneskerettar.

– I Nidaros lever det samiske og det norske samfunnet tett saman. Me kan ikkje late som me ikkje er del av den kampen og den uretten mange kjenner på no.

– Korleis vil du forsvare at prestar ytrar seg politisk?

– Jesusforteljingane og trua på at Gud har skapt menneske til å leve godt saman i rettferd og fred. Det gjer at Kyrkja alltid har ei oppgåve i å fremje forsoning og hindre at menneskerettane vert krenkte. Korleis me formidlar og forkynner det, er det ulike måtar å tenke om, svarar Jepsen.

Naturleg utvikling

Vestland fylke er kjent for å ha ein del verdikonservative krefter. Fleire prester har sagt at dei er imot vigsel av homofile, og fleire er også kritiske til kvinnelege prestar. Etter fyrste avstemmingsrunden var det likevel tre kvinner som stod att som kandidatar til å verte biskop i Bjørgvin.

– Var avstemminga ein del av kvinnekampen?

– Nei, absolutt ikkje. Det er trass alt 30 år sidan Rosemarie Köhn vart vigsla som fyrste kvinnelege biskop. Det er no såpass vanleg med kvinnelege prestar at det er naturleg at kjønnsbalansen også speglar leiarskapet.

Jepsen, som opphavleg er frå Ål i Hallingdal, seier ho bestemte seg for å verte prest på gymnaset.

– Eg var utvekslingsstudent i Nederland og kjende prestetenesta som eit trygt kall inni meg. Eg har aldri angra.

– Kva med den nye rolla som biskop?

– Å verte biskop er eit ytre kall. Eg har vore prest i 25 år, og eg har teke på meg det som har kome av ansvar, og vore i alle typar presteteneste fordi det har vore behov for meg.

Nye løysningar

Jepsen kjenner utfordringane kyrkja står overfor, og er tydeleg på at det trengst mykje nyrekruttering til kyrkjearbeidet.

– Dei store kulla som tok presteutdanning på 1970-talet, sluttar no. Me treng folk i kyrkjeteneste i alle krikar og krokar av landet, og fleire stader er me no avhengige av pensjonerte og andre som stiller til teneste. Det er ein kritisk situasjon.

– Korleis skal du greie å rekruttere til kyrkjeteneste?

– Mellom anna må me sjå på korleis me kan legge til rette for ei kortare utdanning, slik at folk kan velje ein annan veg inn til prestetenesta enn å ta eit heilt studieløp i teologi. Eit slikt tilbod kan til dømes gjelde dei som har relevant utdanning innan humaniora, og som på ein tilpassa måte kan utrustast til presteteneste.

I tillegg til å løyse bemanningskrisa er Jepsen oppteken av få dei nye generasjonane inn i kyrkja.

– Med 3,5 millionar medlemmer er me framleis Noregs største medlemsorganisasjon, men talet er søkkande. Færre døyper borna sine. Det har ikkje berre å gjere med at me lever i eit multireligiøst samfunn, men at færre kyrkjemedlemmar døyper ungane sine. Me lyt finne ut kvifor det er slik. Kanskje må me gjere det enklare å døype ungane. Nokon kunne nok tenkje seg ein drop-in-dåp, andre ynskjer kanskje små private og meir personlege gudstenester.

Kyrkjebygga

Jepsen peikar på at folk er glade i kyrkjehusa sine, sjølv om dei ikkje bruker dei så mykje.

– Kyrkjene representerer tru og tradisjon, og det som bind oss saman som familie og slekt. Når nokon med ansvar for bygg og økonomi freistar seg frampå med forslag om å ta kyrkjebygg ut av bruk, vert det oftast stor motstand, hevdar Jepsen.

Ho erkjenner at somme kyrkjebygg er lite i bruk, og seier ho vil prøve å snu trenden ved å tenkje litt alternativt.

– Me kunne vore enda meir oppfinnsame i å tenke alternativ bruk av kyrkjene gjennom vekene ved å tilby dei som gode rom til bruk i kulturskulen eller til aktivitetar i lokalsamfunnet eller berre som gode møteplassar for ein prat og ein kopp kaffi eller liknande.

Den nye biskopen tar også til orde for å inkludere fleire migrantkyrkjelydar. Ho seier ho er glad for at me mange stader opplever ein økumenisk gjestfridom – at kyrkjehusa vert brukte til gudstenestesamlingar i andre kyrkjesamfunn enn Den norske kyrkja, ofte til det me kallar migrantkyrkjelydar, altså kyrkjesamfunn som samlar grupper av nye landsmenn.

Ny praksis

Jepsen meiner det er mange måtar å tru på.

– Å lese Bibelen har alltid dreidd seg om å tolke det ein les, inn i vår eiga tid og inn i vår eigen samanheng. Det er det ganske allmenn semje om i kyrkja.

Den komande biskopen held fram med å seie at me som lever i dag, skjønar ting annleis enn dei som har lese i generasjonar før oss. Ho seier at me støtt får meir kunnskap, både om språka Bibelen opphavleg vart skriven på, og om konteksten dei bibelske skriftene vart til i.

– Sjølv om me kan tenke oss at me berre les Bibelen her og no, trur eg det er viktig at me anerkjenner at me høyrer til ulike tradisjonar som tenkjer ulikt om dette. Inspirasjonen og rettleiinga som Bibelen gjev, er ikkje mindre gyldig i dag enn for 50, 100, eller 500 år sidan.

– Kva meiner du skal til for å fylle presterolla?

– Ein må tru at ein representerer noko som er større enn ein sjølv, og det gjeld både på godt og vondt. Dei færraste kan vel eigentleg gje seg heilt over til noko utan også å møte det med kritikk, seier ho og legg til at det kanskje vert enklare om ein aksepterer at ein er del av noko ein ikkje heilt kan forstå.

Ein annan tone

Den komande biskopen trur at negative haldningar til skulegudstenestene kjem av dårleg kommunikasjon.

– Me lyt betre kommunikasjonen med skulane og få fram at dette har å gjere med den kristne kulturarven. Det trur eg både kyrkja og skulen kunne vere djervare til å formidle.

Jepsen meiner kommunikasjon er noko alle lyt trene på, og at behovet for å kunne ordlegge seg godt er ekstra viktig for politikarar, journalistar, prestar og andre som jobbar i eller i samband med media.

– Me skal ikkje vere redde for å ytre oss. Som ansvarleg kyrkje bør me heller sørge for at me er medvitne om språk og kva me legg vekt på, og så må me lytte med respekt til dei som er ueinige.

– Korleis vil du balansere det å vere tydeleg og det å vere samlande?

– Eg ser ikkje nokon motsetnad her. Viss ein bevisst vel å vere utydeleg, korleis kan ein då vere samlande? Me bør legge vekt på det som samlar oss, og det bør vere sterkt nok til at det toler usemje, svarar Ragnhild Jepsen.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Den såkalla hysjpengesaka mot Donald Trump er inne i andre veke i retten i New York.

Illustrasjon: Jane Rosenberg / Reuters

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Høgt spel i New York

Straffesaka som no går føre seg mot Trump, er den han har størst sjanse til å verte frikjend i. Og vert han det, kan saka òg gje han fleire veljarar, seier kommentator Jan Arild Snoen.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis