Syskensjalusi i sommaridyll

Då ho debuterte med ei novellesamling i 2016, jubla kritikarane. No er Marie Aubert ute med sin første roman, som alt før utgivinga var seld til fire utanlandske forlag.

Romanen til Marie Aubert er blitt godt motteken både hos lesarar og kritikarar.
Romanen til Marie Aubert er blitt godt motteken både hos lesarar og kritikarar.
Publisert

Dersom du ser Marie Aubert på bussen eller trikken, må du passe på kva du seier eller gjer. Ho er ein ivrig menneskeobservatør, kvir seg ikkje for å tjuvlytte til kva folk seier, og skriv gjerne ned interessante replikkvekslingar. Å observere folk, kva dei seier til kvarandre og korleis, korleis kroppsspråk snakkar, korleis born snakkar med kvarandre, korleis born og vaksne samtalar – alt dette er ein del av dei litterære førebuingane.

Så kjem det ut i destillert form i bøkene hennar.

– Romanen er di andre bok, men du har alt hatt stor suksess. Kva trur du er forklaringa?

– Det folk peikar på, er at dei gjenkjenner noko dei synest er ubehageleg å lese om, og som dei samtidig synest er litt godt å lese om. Så prøver eg å skildre personane både med omsorg og litt nådelaust. Eg vil at lesarane skal få sjå personane frå fleire sider. Det hjelper vel òg at tekstane mine er lettlesne.

Einsam

Handlinga i Voksne mennesker spelar seg ut i løpet av nokre få døgn i ei hytte på Sørlandet. Dit drar Ida, 40 år og arkitekt, ugift, utan partnar, barnlaus. Der er veslesystera hennar, Marthe, sambuaren og dottera hans. Og dit kjem mora til dei to systrene saman med kjærasten sin. Ida har nett vore på ein fertilitetsklinikk i Göteborg for å fryse ned egg til seinare bruk – dersom den rette mannen melder seg. Marthe har bak seg fleire abortar etter kunstig befruktning, men er no inne i eit naturleg svangerskap som ser ut til å kunne halde heilt fram.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement