JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Sverre Kvinen

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3162
20230901
3162
20230901

Røyrleggjaren har stengt hovudkrana. No ligg han under vasken på badet og skrur laus dei gamle røyra.

I tilfelle arbeidet med å setje inn ny vask dreg ut, har eg fylt vatn på to kanner. Ei på kjøkenet og ei på badet.

Det skulle ikkje ta meir enn nokre timar. Men ein veit aldri.

Eg sit på ein krakk og følgjer nøye med når han jobbar. Det er ein roleg kar, eg veit ikkje kven han er i familie med.

Så eg spør:

– Kven er du son til?

– Sverre Kvinen, seier han.

– Sverre Kvinen, seier eg, han veit eg godt kven er. Skal seie du har vakse til. Far din og eg gjekk på skule saman.

No kjenner eg att trekka i andletet til sonen.

Son til Sverre Kvinen seier ikkje meir.

Saman ber me ut den gamle vasken. Det har vore ein god vask. Stor nok til å bade ungane i då dei var små. Eg hugsar enno armar og bein som veiftar og sparkar, slik at det lunka vatnet sprutar på oss og spegelen. Me ber inn den nye, og eg spør kva han trur. Son til Sverre Kvinen seier han trur det er ein heilt grei vask.

Akkurat som å høyre faren, tenkjer eg, men korleis går det med han, eigentleg? Eg har ikkje sett han på lenge. Kvar 17. mai trefte eg han alltid ved banken når folketoget gjekk, men han har ikkje vore der heller dei siste åra.

Sjølv om hovudkrana er stengd, går eg ut på kjøkenet og sjekkar av og til.

– Det er ein merkeleg lyd, den der surklinga, ropar eg, men det er ikkje sikkert son til Sverre Kvinen høyrer meg under vasken.

Slik kan ein ikkje ha det i lengda. Eg er glad me bur i eit land der me slepp å gå i timevis på dårlege vegar for å hente vatn.

Son til Sverre Kvinen seier ingenting. Faren var heller ikkje lang i praten. Det er utruleg at Sverre Kvinen har fått seg familie.

Eg har teke fri frå jobben for å passe på litt. Det er ikkje lurt å ha handverkarar traskande rundt i huset åleine.

Eg synest han jobbar seint, og skjønar ikkje kvifor han ikkje spør om hjelp. Eg har jo ingenting anna å gjere enn å sitje her.

I tolvtida køyrer han brått av garde, utan å seie noko. Vasken er montert på veggen. Men det ligg verktøy overalt på badegolvet, så han er ikkje ferdig. Sikkert noko han har gløymt. Eg lurer på om han eigentleg veit kva han driv på med. Faren var ikkje av dei skarpaste, han heller.

Han kjem tilbake og held fram ein liten time til, før han spør om eg kan opne hovudkrana. Eg er i gang ute på kjøkenet med å fylle kaffitraktaren frå kanna, så det passar dårleg, men eg tek turen ned i kjellaren og opnar krana. Me må bli ferdige.

Eg høyrer son til Sverre Kvinen rope at alt ser fint ut. Han hadde nok ikkje sagt noko til meg om det var ein vask folk har hatt mykje klatt og problem med.

Når eg kjem opp att, er han på veg ut med nevane fulle av verktøy. Det andre rotet ligg att. Eg vågar ikkje spørje noko meir om faren, men det siste eg høyrde, var at han ikkje greidde å betale rekningane. Eg angrar på at eg ikkje bad sonen helse. Det var det eg burde gjort. I staden følgde eg berre etter han ut på trappa og stod og stira då han gjekk bort til bilen, på same hengslete viset som faren.

Frank Tønnesen

Frank Tønnesen er låtskrivar og musikar. I denne spalta skriv han om hendingar og tankar som fell han inn.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis