Svenske tilstandarI ein alder av 68 år debuterer kollasjkunstnaren Jan som Dag og .KUNSTPer Anders Todal
I ein alder av 68 år debuterer kollasjkunstnaren Jan Stenmark som Dag og Tid-spaltist.
Frå og med denne veka skal Dag og Tid publisere bilete av den svenske kollasjkunstnaren Jan Stenmark på tredje siste side. Stenmark har på eit vis hatt sin eigen sjanger sidan slutten av 1980-talet, da han byrja å kombinere gamle bilete frå reklame, vekeblad eller teikneseriar med korte tekstar som gjev ein absurd og ofte mørk vri på innhaldet i biletet. Han er i dag 68 år gammal, har gjeve ut 17 bøker med kollasjane sine og har hatt fast spalte i Aftonbladet i mange år. Dag og Tid ringde til Stenmark og bad han om å fortelje lesarane kva han er for slags type.
– Eg er ein type som jobbar veldig mykje. Eg har eit sterkt behov for å arbeide, seier Stenmark.
– Men om du berre får ein god idé, er du jo ferdig med ein ny kollasj?
– Som regel er det ikkje slik, ser du. Ein idé kan kome fort, men han må formulerast rett. Teksten og biletet må fungere saman, og det krev arbeid. Og eg kan bruke mykje tid på å leite i gamle utgåver av Fantomet eller Alt i hemmet for å finne det rette biletet til ein idé.
Perspektivendring
– Somme har kalla deg vitseteiknar. Men det kjennest ikkje heilt rett. Ein vits skal ha eit klart poeng.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.