Litteratur

Stotrande modig debutant

Jon Fosse hadde fått avvist tekster på fleire forlag då han våren 1983 debuterte på Samlaget med romanen Raudt, svart.

Åslund og Fosse fyrer opp før møtet med Bonnier. Då Tusvik hadde permisjon frå 1991, fekk Jon og Trygve så god kontakt at somme frykta at forfattaren ville bli med til Aschehoug då Åslund vart henta dit. Då undervurderte ein Fosses lojalitet til Samlaget og nynorsken.
Åslund og Fosse fyrer opp før møtet med Bonnier. Då Tusvik hadde permisjon frå 1991, fekk Jon og Trygve så god kontakt at somme frykta at forfattaren ville bli med til Aschehoug då Åslund vart henta dit. Då undervurderte ein Fosses lojalitet til Samlaget og nynorsken.
Publisert Sist oppdatert

Ein god forlagsredaktør kan bli endå betre om han veit å nytte gode konsulentar, og på Samlaget hadde vi fire framståande, som alle signerte fråsegnene med fullt nam: Kjartan Fløgstad, Paal-Helge Haugen, Eldrid Lunden og Einar Økland.

Trass i mi nærast ukritiske respekt for alle fire, overprøvde eg eit råd om utsetjing frå ein av dei. Manuset med dei repeterande og insisterande setningane sende eg då til norskprofessor Otto Hageberg. Den eldste viste seg å vere yngst, men også han gjekk inn for monaleg nedkorting.

Jon har angra på at han gjekk med på fleire omgangar med omredigering, og vi har seinare lettsindig lova at om han nokon gong fekk ein større pris, skulle vi gi ut den opphavlege bruttoteksten. Etter Nordisk råds litteraturpris og Nobelprisen i litteratur vonar eg han gløymer å minne forlaget på dette.

Fosse har avslørt at arbeidstittelen på debutromanen gjekk frå Inst inne i fjorden via Påskelammet til Raudt, svart. Til fransk mellomfag stod Stendhals Rødt og svart (Le Rouge et le Noir) frå 1830 på pensumlista, og eg tok feil då eg på flinkt vis trudde Fosse med sitt hovudfag i litteraturvitskap under frankofile Atle Kittang hadde denne tittelen som nøkkel.

Likeins var det mislukka då eg djupt overflatisk freista utveksle tankar om Husserl, Heidegger og Wittgenstein, som vi begge hadde studert då vi tok grunnfag i filosofi. Derimot burde vi og bokmeldarane ha festa oss ved at Fosse hadde sett eit diktsitat frå den svenske modernisten Gunnar Ekelöf som motto i debutromanen.

Vi var meir med då Fosse valde eit paradoksalt Adorno-sitat som motto då den andre romanen hans, Stengd gitar, kom i 1985. Den dystre «vanskelege andreboka» hadde fleire gjentakingar og ein meir hektisk rytme enn debuten. I grannelandet var Fosse blitt ein litterær kultfigur i visse miljø, og då boka kom på svensk i 1988, oppnådde romanen kritikarsuksess og eit langt større sal enn på norsk.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement