Stort ordbokverk lansertDet Norske Akademis ordbok er lansert. «Truleg den viktigaste hendinga i kulturlivet i år», seier Knut Olav Åmås om ordboka.
Det Norske Akademis ordbok er lansert. «Truleg den viktigaste hendinga i kulturlivet i år», seier Knut Olav Åmås om ordboka.
Akademiets preses Nils Heyerdahl og kulturminister Trine Skei Grande ved lanseringa av NAOB.
Foto: Berit Roald / NTB scanpix
Det Norske Akademis ordbok (NAOB) vart lansert onsdag denne veka på Sentralen i Oslo. Det var full sal med alvorlege og underhaldande innslag frå scena. Kjende forfattarar las opp passasjar frå bøkene sine, der ord som NAOB har innlema mellom bruksdøma sine, var med. Skodespelar Morten Jostad gjorde ein god figur som Henrik Ibsen – som er representert i NOAB med mange tusen bruksdøme. Den nye elektroniske ordboka har 230.000 artiklar, 300.000 sitat og innhald nok til å fylla tolv band.
Trine Skei Grande heldt tale under opninga. Det var hennar fyrste offentlege oppgåve som kulturminister: «Da jeg først ble påmeldt dette arrangementet var jeg kun en stortingsrepresentant med en interesse for ordbøker. Det er utrolig kult å stå her som kulturminister», sa ho med sitat frå bok365.no.
Gratulasjonane har òg byrja rulle inn til NAOB. «Et kjempeløft for norsk litteratur» og «Det er trolig det største og viktigste som skjer i norsk kulturliv i 2018: En svær, ny norsk ordbok er ferdig», skriv forfattar og direktør for Fritt Ord, Knut Olav Åmås, i ein kronikk i Aftenposten.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.