Stolen kunst under hamarenI ein auksjon i juni blir eit stole målarstykke auksjonert ut.KUNSTRONNY

I ein Sotherby’s auksjon i juni blir eit stole målarstykke auksjonert ut.

Dette biletet av Jacob Lucaszoon Ochtervelt (1634–1682) vart stole av nazistar under krigen.
Dette biletet av Jacob Lucaszoon Ochtervelt (1634–1682) vart stole av nazistar under krigen.
Publisert

Det yndige målarstykket «Måltid med østers» av den nederlandske meisteren Jacob Lucaszoon Ochtervelt (1634–1682) har ei heilt spesiell historie knytt til seg. Målarstykket viser ein velkledd ung mann som tilbyd ei ung kvinne østers. Østers var eit symbol med seksuell undertone, så vi skjønar det handlar om noko meir.

Men i alle fall: Mot slutten av andre verdskrig vart biletet stole frå ein banksafe der eignelutane til Bischoff van Heemskerck var lagra. Etter krigen dukka det opp i eit galleri i Düsseldorf. Det var altså tyskarane som stod bak.

Deretter gjorde kunstverket ei reise gjennom ulike land, frå Storbritannia til USA. Fyrst i fjor vart det levert attende til den rette eigaren.

No skal det auksjonerast ut på Sotheby’s i London i juni. Dotter til den opphavlege eigaren, den 97-årige Charlotte Bischoff van Heemskerck, fortel til nederlandske aviser at kunstverket «var svært viktig for familien min». Ho minnest enno målarstykket frå barndomen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement