Stein Mehren (1935–2017)TakkTakk for at du gjekk inn i di tid frå ein annan kant enn dei andre som gjekk inn i si tid. Takk for at du, fødd ti år før sekstiåttarane, var ei tydeleg, men òg gåtefull motrøyst, ofte den einaste, gjennom nokre tiår der kulturl
Stein Mehren (1935–2017).
Takk for at du gjekk inn i di tid frå ein annan kant enn dei andre som gjekk inn i si tid. Takk for at du, fødd ti år før sekstiåttarane, var ei tydeleg, men òg gåtefull motrøyst, ofte den einaste, gjennom nokre tiår der kulturlivet vart meir og meir einsretta, og der me som er fødde ti og tjue år etter sekstiåttarane, ikkje hadde ei røyst sjølve.
Takk for Den usynlige regnbuen. Takk for Timenes time. Takk for «Min elskede sover på puten, trett til døden/ av å være en kvinnelighetens ark som frakter slekten/ og dens bilder over syndflodene». Takk for resitasjonar – med eller utan den ringlande bjølla du stundom heldt i handa – på Club7 og Volapük og i kråkeslottet i Thomas Heftyes gate. Takk for det syngjande alvoret, ja, høgtida, medan du messa:
Nettene har ikke navn. Ikke som dagene!
Men kanskje de har andre, gåtefulle navn!
Om natten, når kjærlighet kaller vårt vesen
i en annen som roper vårt navn
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.