Bok
Status presens, og det som var
Hans Petter Blad skriv effektivt og midt i røynd og minne.
Hans Petter Blad er forfattar, dramatikar og regissør.
Foto: Katharina Barbosa
Georg Johannesen skreiv ein stad at nekrolog ikkje skulle vera ein sjanger, men ein yrkestittel. Eg-personen i den nye romanen til Hans Petter Blad lever opp til denne utsegna. Han heiter Lukas Hørslev, og får i oppdrag av ein ven, Guillermo Reyes, som alle kallar Memo, om å skriva nekrologen hans. Denne oppgåva tek til medan Memo er i live.
Memo er ein ekschilenar i Oslo, og romanen rører seg i eit miljø av nordmenn med band til Chile, og det som fann stad der under og etter Salvador Allende i 1973, og eit mislukka attentat mot Augusto Pinochet nokre år seinare. Men det er også ein roman om det Oslo som var for ikkje så lenge sidan, og om ei tid då ein enno kunne tru at endringar til det betre var mogleg.
Originalt
Det er mange personar i romanen, men dei mest prominente er venen Sergio og dei tre ekskonene til Memo, Letizia, Kristine og Astrid. Desse er viktige kjelder til kunnskap for Lukas, som i boka er til stades og tett på det som skjer, og som somme stader veit meir enn det som vanlegvis er mogleg, utan at det skjemmer teksten på noko vis.
Stilen i boka er original og gjennomtenkt, alt er skrive i korte kapittel med ein teknikk som ein elles finn i notatbøker. Små og store hendingar, relevante eller irrelevante, er med, men ulikt det ein kan rekna med å finna i notatbøker flest, er prosaen klår og velformulert, og ikkje minst kultivert, der assosiasjonane syner eit stort kunnskapstilfang.
I nokre kapittel er somme ord, gjerne relasjonelle nemningar, skrivne i anten kursiv eller hermeteikn, men det veks ikkje til tom maner, det høyrer godt heime der forfattaren har nytta slike verkemiddel.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.