Språkprisen til Maria Berg ReinertsenJournalist, samfunnsøkonom og sakprosaforfattar Maria Berg Reinertsen får Språkprisen 2018 for framifrå bruk av norsk i sakprosa.

Journalist, samfunnsøkonom og sakprosaforfattar Maria Berg Reinertsen får Språkprisen 2018 for framifrå bruk av norsk i sakprosa.

Maria Berg Reinertsen.
Maria Berg Reinertsen.

– Å tileigne seg fagkunnskap er berre starten for ein god formidlar. Neste steg er å finne eit språk som kommuniserer med menneske som manglar forkunnskap og ikkje kjenner fagsjargongen. Maria Berg Reinertsen har synt seg som ein framståande formidlar på fagfeltet sitt.

Det seier Sverre Tusvik, juryleiar for Språkprisen 2018, i ei pressemelding.

Maria Berg Reinertsen er tildelt Språkprisen for økonomijournalistiske tekstar i Morgenbladet, der ho er journalist, og for bøkene Henriette Schønberg Erken. En norgeshistorie sett fra kjøkkenbenken og Reisen til Bretton Woods. Begynnelsen på verden av i går.

Språkprisen er på 100.000 kroner og vart delt ut av Språkrådet på Litteraturhuset i Oslo torsdag kveld.

For Reisen til Bretton Woods fekk Reinertsen tidlegare denne månaden òg NTNUs sakprosapris. NTNU-juryen kallar boka eit døme på eminent fagformidling.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement