Språket er like viktig som fakta i NRK

Når den første språksjefen i NRK, Ragnhild Bjørge, no gir seg etter nesten seks år, skjer det i eit år då nynorskprosenten kanskje vil passera den magiske grensa på 25.

Ragnhild Bjørge har vore språksjef i NRK sidan hausten 2013.
Ragnhild Bjørge har vore språksjef i NRK sidan hausten 2013.
Publisert

Spør du Ragnhild Bjørge kva som er NRKs største språkproblem i dag, er svaret at alt skal gå så fort. I ei tid då dei snakkande journalistane i statskringkastinga i stadig større grad også skal vera skrivande, aukar kravet til kvalitetskontroll. Men tida til slikt blir stadig kortare i alle kanalar etter som tidsjaget frå nettet også spreier seg til papiret – og eteren.

– Eg meiner at me – igjen – bør diskutera å få inn korrekturleddet i NRK. Også avisene vil tena på å henta inn igjen korrekturlesarane. Er det mange språklege feil i det vi leverer frå oss, vil folk lura på om det kanskje er slik med innhaldet òg. Med den posisjonen NRK har, som gjer at folk tek etter oss, er det svært viktig at vi ikkje spreier uriktig eller dårleg språk.

– Men du klarte aldri å læra journalistane skilnaden på transitive og intransitive verb eller at fleirtal av leir slett ikkje er leire, men leirar?

– Det er ein seig materie. Eg har terpa på desse og andre ting på ulike vis gjennom desse åra. Det same gjeld skilnaden mellom ifølgje og i følgje og mellom hans/hennar og sin. Det gjeld å vera pedagogisk og gi folk gode hugsereglar, men sjølv det er ikkje alltid nok.

– Kan du peika på konkrete verknader av seks års språkarbeid i NRK?

– Nynorskprosenten stig, noko eg har arbeidd systematisk for. I fjor nådde han 24 prosent, og før eg tok ferie no i sommar, låg vi godt an. Men det ville ikkje kunna skje om ikkje kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen hadde vore ei svært god støtte. Når han på toppen er så tydeleg, følgjer dei andre etter.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement