Spansk sommar

I løpet av ti sekund skjer det: Først kjem mannfolka, så oksane og så ambulansane.
I løpet av ti sekund skjer det: Først kjem mannfolka, så oksane og så ambulansane.
Publisert

Spania var det første «utlandet» eg reiste til. Interrail-billetten blei ein inngangsport til utrulege opplevingar og, ikkje minst, kulinarisk lykke på høgt nivå. Som studentar hadde vi ikkje dei store pengane, men vi strutta jo av pesetas i titusen og kjende oss rike. Toga pla stå presist lenge nok på stasjonane til at matseljarane der kunne freiste oss, der dei sto klare på perrongen. Lynraskt leverte unggutane bocadillos gjennom vindauget på toget, og kaldt drikke som redda oss frå dehydrering i den uvande sommarvarmen. Ein bocadillo er berre ein bagett delt på langs med pålegg i, men får du eit nybaka eksemplar med serranoskinke og honningmelon, eller ei fyrig chorizopølse, majones og solmodne spanske tomatar, er himmelriket aldri langt unna. Berre tomatane – eit mirakel i seg sjølv.

Hemingwayfeberen herja i Noreg på denne tida. Erling Gjelsviks roman Dødt løp, som handlar mykje om Hemingways Og solen går sin gang og okseløpa i Pamplona, låg i ryggsekken til alle nordmenn den sumaren. Vi var jo trufaste medlemmar av Bokklubben Nye Bøker alle i hop. Eg såg til og med ein som hadde begge bøkene slått opp, ei på kvart lår. Sjølvsagt måtte vi til San Fermin, oksefestivalen i Baskerland.

Det viste seg å vere den mest komplett dionysiske galskap, og det varte i elleve dagar. Heile byen er eit halslaust party, ingen er på jobb, søpla hopar seg opp i gatene og fiffen rømmer byen for å kome seg unna hordane. Klokka åtte kvar morgon høyrer ein eit pistolskot, og så blir oksane sleppte laus i dei tronge gatene, med mannfolk med mykje å bevise springande føre. I løpet av ti sekund skjer det: Først kjem mannfolka, så oksane, og så ambulansane. Folk døydde, sjølvsagt, og gjer det framleis, men så har dei jo vist at dei er mannfolk.

Tyrefekting såg eg éin gong. Aldri meir! Men alt det andre var eventyrleg. Danseopptog med fløytespel, song, trommer, mat og drikke overalt. Du skaffar ein vinsekk av lær til å ha rundt halsen og fyller han opp i barane når han er tom. Så dansar du i tog, time etter time. Vinen sprøytar du i ei tynn stråle inn i munnen på deg sjølv og andre tørste som vil ha. Alle skjorter blir totalt øydelagde av raudvin, men pytt. Tru ikkje på dei religiøse: Vi lever berre éin gong, knapt nok det. Det tenkte kanskje nordmannen som, ganske full, stilte seg opp ved sida av ein væpna Guardia Civil og poserte med ein korketrekkar som «våpen». Han blei snarast dytta inn i ein militærbil og kraftig banka opp før han hamna i kasjotten. Mange dagar seinare blei han funnen i fjella, barbeint og forvirra, av nokre nonner som tok han inn i klosteret og pleidde han. Du køddar ikkje med Guardia Civil.

Kva åt vi? Mykje gatemat, som var fantastisk. Nysteikte pollos asados (grilla kylling) var aldri langt unna, saftig og drypande av kvitlauk, urter og olivenolje. Spekeskinke. T-beinsteik på storleik med Finnmark fylke. Ost av sau- eller geitemjølk. Spansk omelett: Rør saman fem egg, tilset kokt potet i bitar og steik i olivenolje eller smør. Snu han i panna rett før han er heilt stivna.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement