Diktet
Sonja Åkesson
Ho var ein heilt spesiell og banebrytande poet.
Foto via Wikimedia Commons
Den store svenske poeten Sonja Åkesson finst knapt gjendikta til norsk – anna enn i ei lita utgiving frå 2009 som heiter 11 dikt om einsemd. Ti korte dikt og langdiktet «Hur ser din färg rödt ut?», som strekker seg over om lag 35 sider, alle gjendikta av Gunnhild Øyehaug. Åkesson kjem «gåande over alle grenser for kva det vil seie å skrive poesi, vere nordisk (svensk), vere eit menneske, bruke språket», skriv Øyehaug i forordet. Og det er sant at ho var ein heilt spesiell og banebrytande poet.
Åkesson levde frå 1926 til 1977, fødd inn i ein arbeidarklassefamilie på bygda. Ho måtte slutte på skulen for å begynne å arbeide som 13-åring. Gjennom kveldskurs i Stockholm nærma ho seg poesien; den første diktsamlinga, Situationer, kom i 1957. Sidan gav ho mellom anna ut den feministiske Husfrid (1963) og collagen Pris (1968). Då ho døydde av leverkreft som 51-åring, var ho ein av dei mest populære og roste poetane i Sverige.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.