Litteratur
Solrenning og jolediktet «Englarne kviskrar»
Diktaren Olav Nygard ( 1884–1924 ).
Foto: Ukjent / NTB
Diktheftet Solrenning inneheld tolv dikt og er eit ungdomsarbeid av Olav Nygard (1884–1924). Som vi veit, kom det fire diktsamlingar av Nygard medan han levde. Seinare har det kome fleire utgåver med Dikt i utval og Dikt i samling.
Nygardsringen vart skipa hausten 1928, og eit av føremåla var å leite etter uprenta arbeid av diktaren. I 1932 kom nygardsvenen Conrad Clausen i kontakt med Marie Taklo, fødd Leikanger, frå Gurskøy. Ho hadde vore medelev med Olav Nygard på Møre Folkehøgskule vinteren 1904–05. Den tida hadde folkehøgskuleelevar gjerne minnebøker, ofte kalla poesialbum.
Nygard hadde ikkje berre skrive eitt dikt til Marie, det synte seg at ho hadde liggjande eit skrivehefte med dikt. Hausten 1904 hadde han skrive fleire dikt til henne, og på nyåret 1905 hadde Marie fått diktheftet Solrenning. Hausten same året var Nygard attende i Ørsta, da skreiv han det siste diktet i heftet.
Solrenning vart utgjeve i 1933 og var prentebudd av bokmannen og nygardsvenen Olaf Hanssen. Med eit opplag på 25 eksemplar er Solrenning eit sjeldsynt prent. Så langt vi kjenner til, finst det berre tilgjengeleg på Nasjonalbiblioteket.
Særleg vil vi merke oss jolediktet «Englarne kviskrar». Ein litt nedstytt versjon av diktet vart prenta i Norsk Jol i 1932. Året etter vart diktet prenta i sin heilskap i Solrenning. «Englarne kviskrar» er eit mykje poetisk dikt som vi tykkjer fortener å bli kjent for nye og gamle Nygard-lesarar. Det er både eit joledikt og eit kjærleiksdikt. Til liks med dei andre dikta frå Solrenning har det ikkje kome med i Nygards Dikt i samling.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.