Soga til skrivemaskinaI 2017 feirar skrivemaskina 150 år. Det blir markert i bøker som hyllar den unike oppfinninga.
I 2017 feirar skrivemaskina 150 år. Det blir markert i bøker som hyllar den unike oppfinninga.
Nietzsches «skrivekugle». Nietzsches «skrivekugle».
Foto: wikicommonsFoto: wikicommons
Nederlendaren Paul Robert har saman med amerikanaren Peter Weil skrive soga til skrivemaskina. Boka heiter Typewriter, a Celebration of the Ultimate Writing Machine. Begge høyrer til ein generasjon journalistar som byrja å skrive med skrivemaskin, og som gjekk over til å skrive på datamaskin. Boka kom ut rett før jul, og har vekt interesse i år, i og med at skrivemaskina feirar 150 år.
«Skrivemaskina er ei av dei største oppfinningane på 1800-talet», heiter det på nettstaden www.typewritermuseum.org. Her finn ein òg bilete av gamle maskiner. Ulike oppfinnarar kappast om æra for å ha laga den fyrste maskina: ein tyskar, ein danske og to amerikanarar.
Dansken Rasmus Malling-Hansen er kjend for å ha laga ei såkalla skrivekugle, som liketil Friedrich Nietzsche tok i bruk. Dei som hadde størst suksess, var amerikanarane Christopher Latham Sholes og Carlos Glidden. Maskina deira vart gjenstand for masseproduksjon.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.