– Slik karakteriserer Henrik Keyser Pedersen tilhøvet vårt til Tyskland.Kva bilete av Tyskland blir overført på den norske ålmenta? Jau, den demoniske, metafysiske, lagnadsstunge Germania. Den einsidige norske interessa kan uttrykkjast i ei setning: «H
Slik karakteriserer tyskfilolog Henrik Keyser Pedersen tilhøvet vårt til Tyskland.
Bibliotekar og bokmeldar Henrik Keyser Pedersen meiner nordmenn er altfor opptekne av Hitler.
Foto: Lars Loerdahl
Kva bilete av Tyskland blir overført på den norske ålmenta? Jau, den demoniske, metafysiske, lagnadsstunge Germania. Den einsidige norske interessa kan uttrykkjast i ei setning: «Hitler selger titler».
Det fortel Henrik Keyser Pedersen. Han har doktorgrad på den tyske forfattaren Hans Magnus Enzensberger, er fagreferent ved Universitetsbiblioteket og bokmeldar i Klassekampen.
«Hitler selger titler» var nettopp tittelen på ein artikkel av Henrik Keyser Pedersen som stod på trykk for ti år sidan i Klassekampen. «Nazi-kitsch» var eit stikkord i denne artikkelen. Her viste Keyser Pedersen korleis Hitler i tittelen slår an i bokhandelen, eit fenomen som norske forlag visste å utnytte. Til dømes vart Victor Klemperes Tagebuch 1933-1945 omsett med Dagbøker fra Hitler-Tyskland 1933-1945.
– Eg kunne gjort ei liknande undersøking i dag, og kome fram til same resultat, hevdar Pedersen.
Han er redd dette berre blir verre etter at Alternativ for Tyskland (AfD) kom inn i det tyske parlamentet.
– Nemninga nazist kjem til å dukke opp fleire gonger i norsk presse. Men det er for lettvint. Innvandringspolitikken Alternativ for Tyskland (AfD) vil innføre, er nærast på line med politikken dagens norske regjering står for. Ein må basere seg på fyrstehandskjelder, ikkje andrehandskjelder, for å forstå den politiske debatten i Tyskland i dag. Sylvi Listhaugs strenge og subtile, men ikkje nazistiske retorikk gjev meg AFD-assosiasjonar. I Tyskland har det vore ein massiv konsensus om å ta imot om lag éin million flyktningar. Veljarar som vil nøye seg med halvparten, har berre hatt AFD å røyste på.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.