Skyss
Ho kikkar på huset der ho har vakse opp. Det treng måling og ser litt trist ut.
Då dei trefte kvarandre laurdag, fortalde Kjersti Reidar at ho hadde flytta til Stavanger og byrja i ny jobb. Ho var berre heime i helga og skulle attende måndag morgon. Reidar tilbaud seg å køyre. Ho prøvde seg med at det ikkje var nødvendig, og at bussen passerer forbi rett nedi vegen. Men han gav seg ikkje.
Det ligg skodde over elva og slettene denne morgonen. Kjersti står i tunet med ein koffert ved sida av seg. Ho ventar på Reidar. Det er ikkje lyst nok til å sjå skikkeleg kva som rører seg. Alt er roleg, slik det er om natta nesten. Kjersti seier til mora som står på trappa, at ho berre må gå inn og ikkje stå der og fryse. Sjølv treng ho litt frisk luft før køyreturen.
Faren døydde for to år sidan, så det er ikkje noko kjekt å reise frå mor og vite at ho sit åleine. Men livet er jo slik, og sjølv om mykje er uvant i byen, går det seg vel til etter kvart.
Eit rådyr får auge på Kjersti og stivnar til, dei stirar på kvarandre før rådyret brått spring av garde alt det klarer. Ho kikkar på huset der ho har vakse opp. Det treng måling og ser litt trist ut. Lenger borte, bak ein liten haug og ei rekkje med høge furutre, ligg nabogarden. Det er merkelege folk, som familien til Kjersti aldri har hatt noko særleg omgang med.
Reidar køyrer heilt bort til Kjersti før han stoppar bilen, han lyftar kofferten hennar inn i bagasjerommet.
Mora kjem ut att og seier ha det og gjev Kjersti ein klem. Ho set seg inn i bilen og så køyrer dei av garde. Pakkinga gjekk litt fort, det er sikkert noko ho har gløymt, men det får berre vere. Ho skal heim att neste helg. Mange av tinga som har samla seg opp i alle desse åra, står att heime, stabla opp inst i kjellarstova og på rommet hennar. Mor har sagt at dei berre kan stå så lenge ho vil.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.