Skulebibliotek
Grunnskulane forvaltar skulebiblioteka sjølve. Derfor er det enorme variasjonar på dei ulike skulebiblioteka i landet.
I mars møttest representantar frå ulike bibliotekorganisasjonar for å diskutere skulebibliotekordninga med kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H). Dei var kritiske til at skulebiblioteka ikkje er ein del av utdanningspolitikken, og at manglande forankring i politisk leiing i stor grad overlèt biblioteket til enkelte eldsjeler ved skulane. På den måten får norske elevar ulike tilbod, alt etter kor dei bur.
– Skulebiblioteka burde vore ein sosialt utjamnande faktor, seier skulebibliotekar ved Teinå skole i Stavanger, Helle Jomaas.
Satsingsområde
Teinå er ein av skulane som Dag og Tid har blitt tipsa om etter å ha kommentert bibliotekordninga på leiarplass. Ved Teinå skole har dei ein bibliotekar i halv stilling, og årleg blir 20.000 kroner frå skulebudsjettet brukt på biblioteket. Det meiner både Jomaas og rektor Gro Tøsdal er for lite, men dei viser til at skulen har lite å rutte med.
– Samanlikna med det totale budsjettet, er skulebiblioteket her eit satsingsområde. Svært mange skular har ikkje bibliotek, endå mindre ein bibliotekar. Lærarar og elevar kan rydde og organisere bøker sjølv, men noko av det viktigaste er jo formidlinga av litteraturen, seier Jomaas.
Bibliotekaren ved Teinå skole går ofte innom klassene for å lese høgt eller for å presentere nyinnkjøpte bøker. Elevane låner bøkene titt og ofte. I fjor var utlånet på 10.114 bøker totalt. Inkludert lærebøkene har biblioteket på skulen om lag 16.400 bøker i hyllene.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.