Skriv for å endre språket
Forfattaren Linda Gabrielsen har skrive bok om å få eit barn med Downs syndrom og reagerer på korleis dei som er annleis, vert omtalte.
– Eg trur dei fleste som seier kromosomfeil, seier det fordi dei ikkje har noko forhold til det, ikkje fordi dei meiner noko vondt med det, seier forfattaren Linda Gabrielsen, som har skrive om å få eit barn med Downs syndrom.
Foto: Eva Aalberg Undheim
For seks år sidan fekk forfattaren Linda Gabrielsen eit barn med Downs syndrom. Det var ho ikkje førebudd på. Ho var heller ikkje budd på korleis den nyfødde sonen skulle verte omtalt: Det er sjeldan det skjer, men nokre gonger oppstår ein kromosomfeil, sa legen. Ein sosionom fortalde at det er heilt vanleg at foreldre i slike situasjonar vil gje frå seg barnet sitt.
– Eg trur sosionomen prøvde å normalisere kjenslene ho trudde vi hadde, også fordi ho sikkert kjende til slike tilfelle, men eg oppfatta det berre som at ho degraderte barnet mitt. Og alle rundt oss på sjukehuset var leie seg på våre vegner. Eg kan forstå det, men det var svært øydeleggjande. Eg oppfatta at dei var ute etter at eg skulle dette saman, slik at dei kunne trøyste meg. Men eg sjølv var jo mest oppteken av korleis eg skulle knyte meg tettast mogleg til barnet mitt, seier Gabrielsen.
Ho meiner vi må endre språket og måten vi snakkar om det å få eit annleis barn eller det å vere annleis på. Det er den underliggjande bodskapen hennar i romanen Entré, som nyleg kom ut på Gyldendal.
– Språket påverkar verda og er med på å inkludere eller ekskludere. I dag seier vi ikkje neger, vi kallar ikkje nokon dverg, men vi får lov til å seie at eit barn implisitt er ein feil. Eg håpar eg kan bidra til at fleire får auge på kor djup utanforskap og kor djup avvising det skapar i det heile teke å diskutere om eit levande menneske burde vere til eller ikkje, seier ho.
Ambivalens og splitting
I romanen kjem vi tett på ei mor som får eit barn med Downs syndrom som vert omtalt og oppfatta som annleis. Gjennom scener frå nyføddintensiven og frå kvardagslivet med sonen fem år seinare skildrar Gabrielsen splittinga mora opplever mellom å elske og å forakte, og mellom å sjå sonen som eit barn på hans premissar og å sjå han med samfunnsblikket, som annleis. Ambivalens pregar historia.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.