JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Skriv for å endre språket

Forfattaren Linda Gabrielsen har skrive bok om å få eit barn med Downs syndrom og reagerer på korleis dei som er annleis, vert omtalte.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
– Eg trur dei fleste som seier kromosomfeil, seier det fordi dei ikkje har noko forhold til det, ikkje fordi dei meiner noko vondt med det, seier forfattaren Linda Gabrielsen, som har skrive om å få eit barn med Downs syndrom.

Foto: Eva Aalberg Undheim

7053
20200124
7053
20200124

Litteratur

eva@dagogtid.no

For seks år sidan fekk forfattaren Linda Gabrielsen eit barn med Downs syndrom. Det var ho ikkje førebudd på. Ho var heller ikkje budd på korleis den nyfødde sonen skulle verte omtalt: Det er sjeldan det skjer, men nokre gonger oppstår ein kromosomfeil, sa legen. Ein sosionom fortalde at det er heilt vanleg at foreldre i slike situasjonar vil gje frå seg barnet sitt.

– Eg trur sosionomen prøvde å normalisere kjenslene ho trudde vi hadde, også fordi ho sikkert kjende til slike tilfelle, men eg oppfatta det berre som at ho degraderte barnet mitt. Og alle rundt oss på sjukehuset var leie seg på våre vegner. Eg kan forstå det, men det var svært øydeleggjande. Eg oppfatta at dei var ute etter at eg skulle dette saman, slik at dei kunne trøyste meg. Men eg sjølv var jo mest oppteken av korleis eg skulle knyte meg tettast mogleg til barnet mitt, seier Gabrielsen.

Ho meiner vi må endre språket og måten vi snakkar om det å få eit annleis barn eller det å vere annleis på. Det er den underliggjande bodskapen hennar i romanen Entré, som nyleg kom ut på Gyldendal.

– Språket påverkar verda og er med på å inkludere eller ekskludere. I dag seier vi ikkje neger, vi kallar ikkje nokon dverg, men vi får lov til å seie at eit barn implisitt er ein feil. Eg håpar eg kan bidra til at fleire får auge på kor djup utanforskap og kor djup avvising det skapar i det heile teke å diskutere om eit levande menneske burde vere til eller ikkje, seier ho.

Ambivalens og splitting

I romanen kjem vi tett på ei mor som får eit barn med Downs syndrom som vert omtalt og oppfatta som annleis. Gjennom scener frå nyføddintensiven og frå kvardagslivet med sonen fem år seinare skildrar Gabrielsen splittinga mora opplever mellom å elske og å forakte, og mellom å sjå sonen som eit barn på hans premissar og å sjå han med samfunnsblikket, som annleis. Ambivalens pregar historia.

– Har responsen du fekk då det synte seg at son din hadde Downs, prega deg som mor?

– Ikkje no, men det gjorde det i starten. Eg kikka på han med samfunnsauge. Han hadde Downs syndrom, kromosomfeil. Ingen kalla det kromosomvariasjon. Han var liksom ikkje «Gabrielsens gut» som kom til å like å spele fotball, som har god humor, dansar og er flink til å springe. Han hadde eit offentleg språk på seg. Det påverka meg veldig. Eg var mor for fyrste gong og kjende han ikkje enno, så eg visste ikkje anna enn det eg vart fortald. Eg kunne ikkje seie at «nei då, han er ikkje slik» eller «berre vent og sjå». Opplevinga har endra meg som menneske. Eg har fått auge på kor like vi er alle saman, og kor låg toleranse vi har for menneske som er pleietrengande, eller som vi ikkje kan spegle oss i. Eg kan spegle meg i son min no. Han er ikkje framand i det heile. Eg tenkjer jo ikkje at eg har eit barn med Downs. Eg har ein gut som er fantastisk morosam, vakker og nyfiken, og som heile tida lærer seg nye ting, seier ho.

Trengde seg fram

Entré er Gabrielsens tredje roman. Ho planla aldri å skrive om å ha eit barn med Downs, men temaet trengde seg fram.

I starten skreiv ho om eit gamalt fransk ektepar som gjorde sjølvmord saman, basert på ei sann historie, og ho funderte over om det var redsla for kroppsleg forfall og tap av kontroll som gjorde at dei avslutta livet. I tillegg skreiv ho mykje om å stå i ein entré å sjå inn. Etter kvart forstod ho at dei to historiene handla om det same – om å kjenne seg som ein del av fellesskapen eller ikkje – og at ho eigentleg skreiv om barnet.

Med romantittelen spelar ho på at det er posisjonen vi står i, samfunnet og tida vi lever i, som pregar blikket og oppfatningane våre av barnet som er annleis, meir enn barnet sjølv. «Det er tiden det er noe galt med, ikke gutten», heiter det i romanen.

– Det er jo ikkje gjeve å vere fødd inn i nett dette samfunnet. Guten kunne vore fødd på Bali på 1600-talet og kanskje vorte sett på ein heilt annan måte, seier Gabrielsen.

Kritiserer politikken

– I boka kjem det at guten er annleis, i stor grad til uttrykk gjennom mora sjølv og korleis ho oppfattar at andre ser på barnet hennar. Når ho får spørsmål om kor gamal han er, trekkjer ho frå eit par år, og ein stad spør ho seg: «Hvordan skal jeg beskrive deg, gutten min?» Er det mora eller er det dei andre som ser annleis på barnet?

– Blikket til mora vekslar, og det er noko av kjernen i boka. Sjølv om ho seier at det er tida det er noko gale med, er ho ikkje overtydd om det, ho heller, for ho veit at barnet ikkje er som alle andre, seier ho.

– I røynda opplever eg at dei fleste eigentleg omfamnar den som er litt annleis. Men her er det stor skilnad på mannen i gata og det politiske nivået. Det er på det politiske nivået ekskluderinga skjer, både i debatten om dei skal finnast eller ikkje, og i spørsmålet om tilrettelegging: Vert det løyvt pengar til språkopplæring i nærskulen, til dømes? Vert dei institusjonaliserte eller ser du dei i arbeidslivet når dei er vaksne? Det er det politiske nivået eg kritiserer. Og så meiner eg at mange legar treng språkopplæring i korleis ein uttrykkjer seg overfor pasientar i kritiske situasjonar, seier ho.

Gabrielsen understrekar at ho ikkje meiner det er noko feil i at kvinner tek abort.

– Eg kan meine mykje om det ut frå mine eigne grenser i dag, men eg kan ikkje seie skråsikkert at eg ikkje hadde teke abort sjølv den gongen om eg visste det. Dei fleste eg kjenner, ville ha teke abort, og eg ville kanskje ha gjort det same, i vårt samfunn og i vår tid. For eg visste jo ikkje kva det var, eller kor vakkert det kunne vere. Det er det som er så skremmande. Eg trur jo dei fleste som seier kromosomfeil, seier det fordi dei ikkje har noko forhold til det, ikkje fordi dei meiner noko vondt med det. Men i ein situasjon der du sjølv skal føde eller har fødd og møter ein lege som kallar barnet ditt ein feil, er det noko anna. Ordet «variasjon» gjev heilt andre høve til å sjå på dette mennesket som noko vakkert og særeige, med sine eigne kvalitetar, og ikkje minst som velkome, seier ho.

– Største spørsmålet

– Var dette ei vond bok å skrive?

– Ikkje direkte. Det kjendest meir som eit naudsynt driv. I samband med at barnet mitt kom til verda, var det noko som var vondt, og eg undersøkjer i teksten kvifor det var vondt. Barnet har jo aldri synt seg som skuffande. Det var språket og desse førestillingane som var det. Det kan vere vondare for meg å lese teksten når boka er ferdig, seier ho.

– Lèt det seg gjere å endre språket?

– Ja, det trur eg. Vi endrar jo både språket og førestillingane vi har om kvarandre og verda heile tida. Nokon må berre seie frå og syne eit anna perspektiv. Når det då handlar om å ha livets rett eller ikkje, og om kva som er normalt og ikkje, burde det vere ekstra viktig. Det gjeld jo det største spørsmålet av alle.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Barnet har jo aldri synt seg som skuffande. Det var språket og førestillingane som var det.

Linda Gabrielsen, forfattar

Emneknaggar

Fleire artiklar

Statsminister Jonas Gahr Støre avsluttar Kina-vitjinga i fjor i Shanghai, den største byen i landet og den travlaste hamna i verda.

Foto: Heiko Junge / NTB

UtanriksSamfunn

Noreg skal vera det mest demokratiske landet i verda, men ignorerer Asias fremste og samstundes mest truga demokrati

HalvorEifring

Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet måndag denne veka.

Foto: Dag og Tid

KommentarSamfunn

Venstre­­populisme på norsk

Ap bør skale av nokre marknadsteknokratar for å gje rom for ein populistisk storkoalisjon til venstre.

Rune Slagstad

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis