Skinnvengje-blind
Han gleid langs berget med årene inn
så mjukt gjennom svartstille sjøen.
Ei skinnvengje slo over kvite båten
tussmørkevegen sin.
Ho trødde ein steg under kongrospinn,
over sanden i fjøra og graset på bøen.
Ei skinnvengje slo mot den kvite kjolen
og tæpte det varme kinn.
Og båten smaug under land.
Så stilt ein kan gli med årene inn –
Så lett ein kan trø i gras og i sand –
Så fast ein kan halda ein annan si hand
når kvelden er skinnvengjeblind –
Aslaug Låstad Lygre
Frå Fest i september (1960)
Skinnvengje-blind
Han gleid langs berget med årene inn
så mjukt gjennom svartstille sjøen.
Ei skinnvengje slo over kvite båten
tussmørkevegen sin.
Ho trødde ein steg under kongrospinn,
over sanden i fjøra og graset på bøen.
Ei skinnvengje slo mot den kvite kjolen
og tæpte det varme kinn.
Og båten smaug under land.
Så stilt ein kan gli med årene inn –
Så lett ein kan trø i gras og i sand –
Så fast ein kan halda ein annan si hand
når kvelden er skinnvengjeblind –
Aslaug Låstad Lygre
Frå Fest i september (1960)
«Skinnvengje» eit langt betre namn enn «flaggermus» på det einaste pattedyret som kan flyga. Mange trur òg at denne skapnaden, som slett ikkje er ei mus, er blind, men skinnvengja kan sjå – rett nok berre svartkvitt. Av det kjem kanskje trua på at ho dregst mot det kvite, utan at det treng vera rett. Skinnvengja jaktar og navigerer best ved nattetid, ved hjelp av ein slags radar knytt til utsending av høgfrekvent lyd. Dei elleve norske artane, som alle er freda, lever stort sett av insekt. Fleire av dei held difor gjerne til nær vassdrag og våtmarksområde, der dei kan finna stor fangst. I paringstida i august og noko seinare er desse dyra særleg aktive, på jakt etter opplagsnæring før den lange vintersvevnen tek til.
Dei seks diktsamlingane til Aslaug Låstad Lygre (1910–66) er prega av vare stemningar, formidla gjennom eksakte bilete av konkrete landskap og dyre- og planteliv. «Skinnvengje-blind» er i så måte typisk. I tussmørket, der alle fargar er grå, finn to menneske som har einannan kjær, i løynd fram til kvarandre, smygande stilt, mjukt og lett. Berre ei skinnvengje rører så vidt ved kinnet til kvinna idet ho flyg forbi. Heile biletet er halde i svart og kvitt – prega av glidande rørsler som vert avløyste av eit fast handtrykk idet dei to møtest.
Låstad Lygres tradisjonelle vers- og strofeformer gjer tekstane hennar lette å syngja. Ei rad komponistar har tonesett mange av dei. Best kjent er vel Geirr Tveitts «Vi skal ikkje sova burt sumarnatta», første gongen framført av artisten Alf Cranner i 1967. Diktet, som opphavleg hadde tittelen «Vi skal ikkje sova», vart skrive medan lyrikaren låg hardt sjuk ved Luster sanatorium. Det vart først utgjeve i samlinga Eld av steinar (1948), og har sidan – både på grunn av orda og melodien – vorte ein av våre mest folkekjære songar.
Vigdis Ystad
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.
Foto via Wikimedia Commons
Monumental pedal
Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.
Foto: Erik Johansen / NTB
Meir om seinfølgjer
Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.
Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.
Foto: Maria Jemeljanova / Fide
«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Veksande fjernstyre
Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.