Skeptisk til litteraturprisar– Litteraturprisar er eit lotteri, seier forfattaren Jan Kjærstad. Eva
– Litteraturprisar er eit lotteri, seier forfattaren Jan Kjærstad.
Forfattar Jan Kjærstad.
Foto: Mariam Butt / NTB scanpix
Tildelingar av litteraturprisar handlar ikkje så mykje om kvalitetskriterium og rettvise som om slumpetreff, kven som sit i juryen og om tidsånda. Det seier forfattaren Jan Kjærstad i eit intervju med den danske avisa Politiken ved innleiinga til årets bokhaust.
Kjærstad, som sjølv er prislønt og tildelt både Kritikarprisen, Aschehougprisen, Doblougprisen og Nordisk råds litteraturpris, seier han er skeptisk til heile ideen bak litteraturprisar.
– Vi konkurrerer ikkje i litteratur på same måte som i sport, der vi kan ta tida eller måle presise lengder, seier han.
I tillegg meiner han kvalitetskriteria for vurdering av litteratur i komitear og juryar er diskutable og ofte handlar meir om smak, behag og personlege vurderingar enn vi vil vedgå.
– Det har å gjere med kven som sit i komitear og juryar, og det har ikkje minst noko å gjere med tidsånda, seier han, og syner til at det i litterære miljø ofte er usemje kring dei to bøkene som vert nominerte frå kvart land til Nordisk råds litteraturpris.
Kjærstad sjølv fekk prisen i 2001 for Oppdageren, siste bind i romantrilogien om Jonas Wergeland.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.