Sjølvskryt i bronse

Hilde Brendeford Andreassen har, som den første, omsett heile keisar Augustus’ sjølvbiografi til norsk.

Restane av Augustus’ mausoleum i Roma, der dei originale bronsesøylene med sjølvbiografien stod.
Restane av Augustus’ mausoleum i Roma, der dei originale bronsesøylene med sjølvbiografien stod.

Av dei mange handlekraftige menn i verdssoga er det få som har kunna byrja sjølvbiografien sin med ei slik setning: «Da jeg var 19 år gammel, samlet jeg en hær på eget initiativ og for private midler, og med den befridde jeg staten som var undertrykt av tyranniet til en fraksjon.» Men så står då Augustus òg i særstilling mellom dei store: Som (rettnok sjølvutnemnd) adoptivson til grandnevøen Julius Cæsar manøvrerte han seg fram til å bli Romarrikets eineherskar, og slik fekk han slutt på tiår med ufred i det som i 500 år hadde vore ein republikk.

Pax Romana, kalla den romerske historikaren og embetsmannen Plinius den yngre denne freden, som skulle vara i 200 år. Då Augustus døydde i 14 e.Kr., omfatta riket heile Middelhavet, det strekte seg frå Den engelske kanalen i nordvest til Raudehavet i søraust og kan ha omfatta opp mot 80 millionar menneske.

Mektig mausoleum

«Han overtok ein by av teglstein, men etterlét seg ein by av marmor», skreiv ein annan romersk historikar, Sueton. Grunnleggjaren av keisarriket – han heitte opphavleg Gaius Octavius; «Augustus» tyder «den opphøgde» – sytte for å setja monumentale spor etter seg, med praktbygg og idealiserte statuar av seg sjølv i hovudstaden og provinsbyane.

Eit av dei største byggverka finn me framleis på Marsmarka i Roma, ti minuttars gange nordover frå Pantheon: Augustus’ mausoleum, som var 44 meter høgt og hadde ein diameter på 87 meter. I dag er gravmælet ein teglsteinsruin, ribba for marmor og andre kostesame materialar – til dømes søylene av bronse framfor inngangen, der sjølvbiografien hans var rissa inn. Res Gestae Divi Augusti, heiter det på latin, verket som klassiskfilolog Hilde Brendeford Andreassen no har gjeve ut under tittelen Den guddommelege Augustus’ bragder.

Balansekunst

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement