Sikrar kulturarven i fjellet
I eit anlegg større enn Nidarosdomen sikrar Arkivverket og Nasjonalbiblioteket historisk materiale.
Magasina inne i Fjellhallen gjev plass til 110.000 hyllemeter med arkivmateriale.
Foto: Hans Fredrik Asbjørnsen / Statsbygg
Arkiv
julie@dagogtid.no
Tysdag 31. januar opna kultur- og likestillingsminister Anne Trettebergstuen det ho omtalar som eit høgteknologisk anlegg i verdsklasse.
– Her vil viktige delar av kulturarven og historia vår verte bevart fjellstøtt for all framtid, sa ho.
Fjellhallen i Mo i Rana er ein del av eit større samarbeid om bevaring og digitalisering av materiale til Arkivverket.
Riksarkivar Inga Bolstad er oppteken av at den informasjonen som ligg her, skal gjerast tilgjengeleg digitalt, og fortel at dette vert det mest moderne magasinet deira.
Nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myre forklarer at den nye hallen gjer at dei kan ta vare på både papir, film, magnetband og digitale filer på ein meir effektiv og sikker måte. Tilrettelagt logistikksystem og automatisering gjer at prosessen med å få materialet inn og ut av fjellet kan skje trygt og raskt. Lågt oksygennivå skal hindre brann.
– Me får større kapasitet, men det aller viktigaste er at nye generasjonar får tilgang til endå meir av kulturarven, seier han.
Prosjektet starta i 2018, og ifølge assisterande byggherredirektør Kristin Fevang har det meste gått etter planen.
– Det er ei stor glede for meg å representere Statsbygg når me no markerer at utvidinga av fjellanlegget i Mo i Rana er ferdigstilt innafor tida og med dei kostnadsrammene som vart sette, seier ho i presseskrivet.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Arkiv
julie@dagogtid.no
Tysdag 31. januar opna kultur- og likestillingsminister Anne Trettebergstuen det ho omtalar som eit høgteknologisk anlegg i verdsklasse.
– Her vil viktige delar av kulturarven og historia vår verte bevart fjellstøtt for all framtid, sa ho.
Fjellhallen i Mo i Rana er ein del av eit større samarbeid om bevaring og digitalisering av materiale til Arkivverket.
Riksarkivar Inga Bolstad er oppteken av at den informasjonen som ligg her, skal gjerast tilgjengeleg digitalt, og fortel at dette vert det mest moderne magasinet deira.
Nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myre forklarer at den nye hallen gjer at dei kan ta vare på både papir, film, magnetband og digitale filer på ein meir effektiv og sikker måte. Tilrettelagt logistikksystem og automatisering gjer at prosessen med å få materialet inn og ut av fjellet kan skje trygt og raskt. Lågt oksygennivå skal hindre brann.
– Me får større kapasitet, men det aller viktigaste er at nye generasjonar får tilgang til endå meir av kulturarven, seier han.
Prosjektet starta i 2018, og ifølge assisterande byggherredirektør Kristin Fevang har det meste gått etter planen.
– Det er ei stor glede for meg å representere Statsbygg når me no markerer at utvidinga av fjellanlegget i Mo i Rana er ferdigstilt innafor tida og med dei kostnadsrammene som vart sette, seier ho i presseskrivet.
Fleire artiklar
Med jamne mellomrom legg Riksrevisjonen, her representert ved riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen, fram undersøkingar med nokså hard kritikk av korleis vedteken politikk vert gjennomført av forvaltinga.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Eit spørsmål om kontroll
I rapport etter rapport kritiserer Riksrevisjonen statlege institusjonar for feil og manglar. Men kva kjem det eigentleg ut av kritikken?
Odd Nordstoga slo gjennom som soloartist i 2004. No har han skrive sjølvbiografi.
Foto: Samlaget
Ein av oss
Odd Nordstoga skriv tankefullt om livet, ut frå rolla som folkekjær artist.
Stian Jenssen (t.v.) var alt på plass i Nato då Jens Stoltenberg tok til i jobben som generalsekretær i 2014. Dei neste ti åra skulle dei arbeide tett i lag. Her er dei fotograferte i Kongressen i Washington i januar i år.
Foto: Mandel Ngan / AFP / NTB
Nato-toppen som sa det han tenkte
Stian Jenssen fekk kritikk då han som stabssjef i Nato skisserte ei fredsløysing der Ukraina gjev opp territorium i byte mot Nato-medlemskap. – På eit tidspunkt må ein ta innover seg situasjonen på bakken, seier han.
President Joe Biden og visepresident Kamala Harris i august 2023. Den økonomiske politikken deira bidrog til å få ned arbeidsløysa, men inflasjonen som tok av i 2022, gjorde større inntrykk.
Foto: Evan Vucci / AP / NTB
Harris blir heimsøkt av inflasjonen
Kanskje vart presidentvalet i USA 2024 avgjort ved bensinpumpene og i matbutikkane.
Noreg er på tredjeplass i kokainbruk i Europa.
Foto: Beate Oma Dahle / NTB
– Meiningslaust å straffe sjuke
Ronny Rene Raveen, tidlegare politimann og rusmisbrukar, vil ha avkriminalisering av rusmisbrukarar og unge opp til 25 år.